Får ikkje betalt for elevauke

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkehøgskulane manglar nesten 14 millionar på forslaget til Statsbudsjettet for 2012, samanlikna med 2011. Årsaka til dette er elevveksten på skulane dei siste åra. I 2011 er det 16 prosent fleire elevar enn i 2008, melder Folkehøgskolerådet i ei pressemelding.

– Me har hatt ein enorm elevauke dei siste åra. Det er surt å få slike tal presenterte når me har jobba så hardt for å koma opp att. Dette er ei utvikling me er lite nøgde med, seier May Evy Bakken, rektor ved Sogndal folkehøgskule til Sogn Avis. For Sogndal folkehøgskule vil det bety 158.609 kroner mindre i statsstøtte neste år.

Får 685 millionar
På forslag til statsbudsjett for 2012 er det sett av ein samla post til folkehøgskulane på dryge 685 millionar kroner. Dette svarar til ein generell kostnadsjustering på 3,1 prosent i forhold til budsjettet for 2011, men det er ikkje teke høgde for elevtalsutviklinga i skuleslaget. De siste årene har folkehøgskulane opplevd ein enorm vekst.

LES OGSÅ: 10 råd for livet på folkehøgskule

Dette skuleåret går over 7.200 elevar på folkehøgskule, noko som svarar til 11 prosent av eit årskull med 19-åringar.

Skuffa
Men auken har ikkje ført til eit høgare tilskot totalt.

– Dette er ei skuffande avgjerd, fordi pengestraumen ikkje følgjer elevtalet. Folkehøgskulane har blitt for populære, seier Odd Arild Netland, dagleg leiar av Folkehøgskolerådet.