Kjempar for demokrati i Kviterussland

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjempar for demokrati

Ungdomsorganisasjonen Malady Front arbeider for å skape demokrati i heimlandet sitt Kviterussland. Denne veka er nokre av medlemmane på besøk i Noreg for å lære meir om demokratiske politiske prosessar.

– Vi opplever stadig å bli stoppa av politiet, avhøyrt og arrestert. Men vi er vant til det. Og det er ein risiko vi er nøydde til å leve med, seier Valery Matskevich frå den hviterussiske organisasjonen Malady Front (Ung Front).

Lærer om demokrati
Organisasjonen arbeider for demokrati i Hviterussland. Med støtte frå LNU Demokratimidlane samarbeider dei med KrFU i Noreg. No er tre av medlemmane til organisasjonen på besøk i Noreg for å lære meir om politiske prosessar. Dei skal blant anna vere med på landsmøtet til KrFU i Ålesund 14. – 16. oktober. Med seg har dei òg to representantar frå det kristendemokratiske ungdomspartiet i Kviterussland (BCDY).

– Vi ynskjer å lære korleis dei norske ungdomspartiene jobbar, korleis vi kan utvikle organisasjonen vår og korleis vi kan engasjere ungdomen i opposisjonen, forklarar Matskevich overfor LNU.no.

Risikofylt arbeid
Alle dei tre frå Ung Front som no er i Noreg har opplevt å bli sett i ”administrativ arrest”, som er ein eigen type arrestasjon i Hviterussland. Det tyder at ein ikkje blir arrestert for ei kriminell handling. I administrativ arrest kan ein bli sitjande i opptil 15 dagar, utan å ha gjort noko anna enn til dømes å ha delteke i ein demonstrasjon. I skrivande stund sit òg fem av medlemmane til organisasjonen i fengsel på lengre dommar, dømt for å ha førebudd demonstrasjonar mot valet i desember i fjor.

Eilev Hegstad i KrFU er ansvarleg for samarbeidet med Ung Front.

– I Noreg har vi lett for å ta demokratiet for gjeve. Dette samarbeidet viser oss korleis det er å leve i eit land som ikkje er demokratisk. I Kviterussland kan ein ikkje ope seie at ein er medlem av eit parti ein gong. Samarbeidt er inspirerande for medlemmane våre, i tillegg til at vi lærer om situasjonen, kulturen og politikken i Hviterussland, seier Hegstad.