To stemmer blir éi stemme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Country versus city girl
Gillian Welchs musikk er det ein gjerne kallar rural – altså: Han stammar frå ein bygdetradisjon. Ho er ein av fleire amerikanske artistar som spelar ein slags moderne, akustisk countryfolk. Då kjem det gjerne som ei lita overrasking at ho er vaksen opp i film- og sololje-byen Los Angeles. Welch er riktignok fødd ein annan stad (men også den ein storby), i New York hausten 1967. Ho vart adoptert då ho var tre dagar gammal, av eit ektepar som jobba i underhaldningsbransjen. Då dei fekk jobb i The Carol Burnett Show tidleg på 70-talet, flytta familien til Los Angeles.

Som ung jente lytta Gillian mykje til folkesongarar som Bob Dylan og Woody Guthrie. Ho lærte seg å spele gitar då ho var sju år. Medan ho studerte foto ved universitetet i Santa Cruz, spelte ho bass i eit goth-band og trommer i eit anna band. Det var først på college ho fann attende til dei musikalske røtene sine i folk-musikken.

David Rawlings og Nashville
Gillian studerte songskriving på Berklee College of Music i Boston, og det var her ho begynte å lytte til den gamle musikken igjen. Ho møtte gitaristen David Rawlings på ein audition til colleget sitt einaste countryband. Då ho gjekk ut av skulen i 1992, flytta ho til Nashville, sidan det var her all favorittmusikken hennar stamma frå. Rawlings flytta etter, og dei begynte å skrive songar og opptre saman. Albuma blir gjevne ut i Gillians namn, men har altså vore ein duo sidan tidleg 90-tal.

I Nashville fekk Gillian og Dave manager, platekontrakt, og til slutt ein produsent som ikkje hadde noko ønske om å gjere om på den minimale akustiske stilen deira. Revival kom ut i april 1996, og fekk både svært god og mindre god omtale. Men albumet vart nominert til «Beste samtidsfolk» under Grammy-utdelinga året etter.

Oppover, oppover
Hell among the yearlings (1998) var duoen sitt andre album, og det fekk nokolunde same mottaking som debuten. Det var først då produsenten hennar, T-Bone Burnett, hanka henne inn for å ko-produsere og synge på filmmusikken til Joel Coen-filmen O, Brother where art thou? (2000) at Gillians karriere skaut fart. Albumet vart overmåte populært, og vann «Årets album» under Grammy-utdelinga 2002!
Året etter kom Welch sitt tredje album, Time (The Revelator), denne gongen utgjeve på eige selskap, og produsert av Rawlings. Tekstene tek for seg amerikansk historie og musikkhistorie, og fekk svært gode kritikkar. Utgjevinga vart også nominert til Grammy.

I 2003 kom Soul Journey; ifølgje Welch eit gladare album, der det blir teke i bruk fleire instrument enn tidlegare (fele, trommer og dobro, blant andre). Albumet inneheld dessutan tradisjonelle folkesongar, ikkje berre Gillian sine eigne.

Då The Harrow & The Harvest endeleg kom ut juni 2011, fortalde Welch at ho hadde hatt skrivesperre. Riktignok hadde ho og Rawlings gjeve ut albumet A Friend of a Friend (2009), men då under namnet Dave Rawlings Machine, og med Dave som hovudsongar. Welch sitt femte album vart igjen møtt med gode kritikkar, og hausten 2011 turnerer ho Nord-Amerika og Europa.

Denne saka stod først på trykk i Norsk Barneblad.

Faktaboks

Gå til heimesida til Gillian Welch!

Les meir på Wikipedia (engelsk)!

MUSIKKTIPS for oktober:

Yelle – Safari Disco Club
Björk – Cosmogony
Fjorden Baby! – Himmelen
Gabriel Fliflet – I Meg-Song
Hoven Droven – Polska