Ein blodfan i USA diggar Enslaved-gitaristen og har laga dokke av han.

Anita Haugland/Sunnhordland.no
Anita Haugland/Sunnhordland.no
Faktaboks

Arve Isdal
* Fødd 28. august 1977.
* Metalgitarist og plateprodusent frå Stord.
* Spelar i gruppene Enslaved og Audrey Horne.

LES FAKTALUKK FAKTA

Gitarist Arve lsdal i metallbandet Enslaved, tykkjer det er kult at han har ein fan som har laga dokke av han.

– Før ein konsert me hadde i Chicago var det ein mann som kom og banka på bussen vår. Han hadde med seg dokka til meg, og den hadde han laga sjølv, seier Isdal.

Han fortel at bandet no har vore på USA-turné i tre veker, og at dei snart skal attende til Noreg.

– Dette kom svært overraskande på meg, seier Isdal som kallar seg Ice Dale på scene og plate med Enslaved.
 
Eksklusiv
– Fekk dei andre i bandet også dokker av seg sjølve?

– Nei, det var berre eg, seier Isdal.

Han fortel at dokka har fått namnet "Ice Dale Action Figure". Førebels er den berre laga i eitt eksemplar.

– Han som laga dokka fortalde at han eigentleg ville produsera fleire for å selja i masseproduksjon, men eg veit ikkje kva det blir til. Eg tykkjer det er kult at nokon orkar å bruka tida si på å lage ei dokke av meg, seier Isdal.

Ifølgje gitaristen skal tilhengaren ha sagt at han laga dokka for å heidra Isdal.

– Han tykte eg fortente det på grunn av det eg har gjort i ulike band og prosjekt. Han digga det eg hadde gjort, sa han, fortel Isdal.

Som "betaling" måtte stordabuen signera nokre plater.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE