Søk på jobben som ordførar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva meiner du trengs i skule-Noreg? Korleis kan din hverdag som elev bli betra? No kan du gje råda dine til sjefen sjølv! Dagen før OD-dagen, den 26. oktober, tjuvstartar ein person årets Operasjon Dagsverk som rådgjevar for kunnskapsminister Kristin Halvorsen. I løpet av dagen vil rådgjevaren få vere med på alt av ministeren sine vanlege arbeidsoppgåver, blant anna spørjetimen i Stortinget. Arbeidsdagen vil vare frå klokka 08.00 fram til 14.00. Elevar i heile landet kan søkja, og reise til Oslo vil bli dekt.

Eller kunne det kanskje freista med ein jobb som ordførar for ein dag? Sarpsborg treng ny ordførar når Sindre Martinsen-Evje (29) skal på repitisjonsøving i forsvaret.

LES OGSÅ: – Afrika går til helvete

I Tromsø og Trondheim har ordførarane lyst på ein rådgjevar for ein dag. I Tromsø blir det loddtrekning, medan elevar kan søkja på jobben som rådgjevar for Rita Ottervik på jobbank.no.

Generalsekretær
I år samarbeider Operasjon Dagsverk med Plan Norge, og prosjekta deira i Rwanda. I den samanhengen ynskjer generalsekretær i Plan Noreg, Helen Bjørnøy at ein OD-elev skal vikariere for henne på OD-dagen.

Gjennom jobben som generalsekretær i Plan Noreg vil du kunne få høvet til å få ei unik innsikt i bistandsspørsmål og spørsmål som gjeld internasjonale problemstillingar. Du vil òg få delta med kreativitet og dessutan å kunne vere plan sine talsperson på OD-dagen