Jobbar seg gjennom ferien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein kan sova og slappa av i helgane, seier Simon Torland frå Fitjar.

Med vante rørsler skjer Simon Torland opp strimlar og bitar med isolasjon som han legg på veggene i dei nye omsorgsbustadene på Ås. Med 40 centimeter tjukke yttervegger, krev det både sin isolasjon og sin mann å få plass alt slik at bebuarane ikkje skal frysa når bustadene er ferdige i slutten av november.

15-åringen har vald å jobba i haustferien, i staden for å slappa av.

– Ein tener pengar og ein får sjå korleis det fungerer i arbeidslivet, forklarar han.

Eleven på bygg og anlegg trur ikkje at mange andre av han sine klassekameratar vel arbeidslivet i ferien.

Men Torland gjer det. Alle dei siste feriane har han jobba, om det så er sommar eller påske. Torland stiller opp.

– Pengane bruker eg på deler til moped, kan du skriva, seier han.

Yrkesmålet er å ein dag verta tømrar, og då kjem all erfaring godt med. Då Sunnhordland er på vitjing, er han i gang med isolering. Tidlegare på dagen har han vore med og skifta vindauge på Stord vidaregåande skule.

– Eg får gjera alt som eg klarar. Det kan vera isolering, montering av rammer rundt vindauge eller anna arbeid. Men eg får ikkje lov å setja opp kompliserte berande konstruksjonar på eiga hand, forklarar han.

Opplagde
Det er onkel og bas i Engevik og Tislevoll, Jostein Lillenes, som har teke med nevøen i haustferien.

Han synest at nevøen er flink å arbeida.

– Eg gjorde det på same måten sjølv. Var med og lærte frå eg var ung. Det er nyttig med erfaring frå arbeidslivet, meiner han.

Rektor på Fitjar vidaregåande skule, Anna Bodil H. Tislevoll, har ikkje oversikt over kva alle hennar 240 elevar gjer i haustferien.

– Men eg vil tru at nokon arbeider, medan andre har fri. Det viktigaste for meg er at dei nyttar ferien på ein slik måte at dei kan stilla opp friske og opplagte når skulen startar igjen etter ferien, seier ho.

John Karsten Raunholm, som er rektor på Stord ungdomsskule, trur dei fleste av hans elevar nyttar tida på Stord i ferien.

– Elevane våre er veldig travle, med skule og mange aktivitetar. Difor nyttar nok mange høve til å slappe av og vera med familie og vener i haustferien, seier han.

Nokre har derimot søkt om permisjonar for å reisa utanlands, medan andre reiser med familien her i Noreg. Raunholm har ikkje ferie sjølv, men meiner elevane treng ei veke med haustferie.

– Dei har godt av å få dette avbrekket frå ein travel kvardag. Personleg meiner eg me treng haustferien slik han er i dag, seier han.

LES SAKA I SUNNHORDLAND.NO!