Den urealistiske drømmejobben

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I boka «Filosofien til arbeidet» undersøkjer Lars Fr. H. Svendsen fenomenet arbeid, blant anna frå eit eksistensialfilosofisk ståstad.

– I dag forventar vi at arbeidet skal vere underhaldande, meiningsfullt og stimulerande, eit verktøy for sjølvrealisering. Vi har urealistiske forventningar til arbeidslivet, og når desse ikkje blir innfridd blir vi ulukkelige, seier Svendsen.

Audmjuk arbeidstakar
Trine Solvang studerer arbeid sine- og organisasjonspsykologi, og meiner ein må ha eit audmjukt tilhøve til arbeidslivet.

– Eg trur det er lurt å tenkja på det jobben krev av ein, og ikkje berre kva jobben kan gje. Samstundes som ein håpar at arbeidet skal vere meiningsfullt og gje høve til å utnytte kunnskapen ein har, er det viktig å vere tilpassingsdyktig i ein jobbsituasjon, meiner Solvang.

Svendsen rår studentar til å sjå nærare på forventningane ein har til arbeidslivet, og huske at arbeid ikkje er åleine om å gje livet meining.

– Meiner ein å ha funne eit arbeid som åleine gjev livet tilstrekkeleg meining har ein rota seg vekk. Det finst mykje anna i livet, som familie og venner – det er ikkje éi meining, men ein konstellasjon av meiningar som saman er nok til å leve eit godt liv, seier Svendsen.

Romantisk transformasjon
– Tidlege greske filosofar, som Platon og Aristoteles, såg på arbeid som umogleg å sameina med eit lukkeleg liv. Denne negative haldninga var meir eller mindre rådande fram til reformasjonen, forklarar Svendsen.

For protestantismen vart arbeidet ein måte å tene Gud på, ein fekk eit positivt syn på arbeidet. Ifølgje Svendsen har dagens forståing av arbeid utgangspunktet sitt i protestantismen.

– Den protestantiske arbeidsetikken har gjennomgått det ein kan kalle ein «romantisk transformasjon». Tanken om arbeidet som kall har bestått på trass av gradvis sekularisering, men i staden for å tene Gud, tener ein seg sjølv. Arbeidde knytast til sjølvrealisering, dette er ei utvikling som særleg har skutt fare dei siste tiåra, meiner Svendsen.

Yte og nyte
Rønnaug Tveit, leiar ved Karrieresenteret, gjenkjenner synet på arbeid som sjølvrealisering i studentar sine jobbsøknader.

– I nesten alle søknader finst den same formuleringa: «Eg trur at denne jobben kan vere utviklande for meg og at eg kan få brukt mine forkunnskapar». Eg pleier å be studenten leggje meir vekt på kva vedkomande kan bidra med i den aktuelle jobben. Det er viktig å ha eit fokus på det og yte, ikkje berre nyte, seier Tveit.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!