– Stoltenberg vil fjerne lokalsjukehusa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stolten- berg vil fjerne lokal- sjukehusa

– Han har ein plan for å leggje ned lokalsjukehusa, sjølv om han insisterer på det motsette. Vi krev å få møte Stoltenberg for å konfrontere han med sjølvmotseiingane, seier koordinator Bente Øien Hauge i Folkerørsla for lokalsjukehusa til NTB.

Skuldinga byggjer mellom anna på pilotprosjektet «Framtidas lokalsjukehus» i Nordfjord, der det ifølgje aksjonistane blir utforma ein høgst tvilsam nasjonal modell for omgjering av lokalsjukehus til lokalmedisinske senter.

– Dette er i strid med løfta i regjeringserklæringa og korleis Stortinget har definert oppgåvene til lokalsjukehusa i Nasjonal helseplan, heiter det i ein uttale som vart vedteken under ei landssamling av sjukehusaksjonistar i Oslo i helga.

Dobbeltspel
Aksjonistane krev blant anna stopp i nedbygging av lokalsjukehus, stopp i sentralisering av fødetilbod og framleis turnusordning for legar. Under samlinga i helga vart det også vedteke uttalar om vern av Aker sykehus, framleis akuttberedskap i Moss og krav om stadleg leiing ved alle lokalsjukehus.

Ifølgje sjukehusaksjonistane driv regjeringa eit dobbeltspel som inneber at lokalsjukehusa blir ribba for spesialkompetanse og tenester.

– Vi finn oss ikkje i at styresmaktene fører oss bak lyset med tom retorikk og falske løfte om å halde oppe lokalsjukehus med akuttberedskap og nærleik til fødetilbod, heiter det i ein uttale.

Tidlegare sjukehuslege Stein Johansen frå Narvik meiner lokalsjukehusa har ein uerstatteleg filter- og prioriteringsfunksjon.

– Av 30 pasientar som blir tilvist til lokalsjukehusa med brystsmerter, er det kanskje berre éin som treng overføring til større sjukehus, seier han.

– Stoltenberg må slutte å avspore debatten med å snakke om god kreftbehandling som eit argument for å sentralisere akuttberedskap og vanlege sjukehusfunksjonar, seier Nils Johan Ystanes, regionkontakt for sjukehusaksjonistane på Vestlandet.

Nye aksjonar
Sjukehusaksjonistane vil ikkje sitje stille og sjå på at lokalsjukehusa endar opp som såkalla lokalmedisinske senter – utan evne til å stabilisere akutte sjukdommar og skader.

I desember i fjor samla over 1.000 aktivistar seg utanfor Stortinget i protest mot omstillingsprosessane som er i gang fleire stader. No blir det planlagt ein ny demonstrasjon utanfor Stortinget før jul.

– Folket har vist at det er lokalsjukehus dei vil ha. Alle fakkeltoga og demonstrasjonane seier sitt. Vi gir oss aldri. Vi skal fortsette kampen, seier Ystanes ti NRK.no. (©NPK)