Menn med hatt

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Menn med hatt

Eg er kjempekritisk til Nobelkomiteen.

Meir om det seinare.

Men først: Dei siste dagane har det igjen blitt sett rekordar i to tradisjonsrike greiner i norsk journalistikk og politikk:
-Kunsten å stille spørsmål du veit du ikkje kjem til å få svar på.
-Kunsten å svare på spørsmål utan å svare på dei.

Først opplevde vi dette då statsbudsjettet blei lagt fram. Tradisjonen tru prøvde journalistar å få Sigbjørn Johnsen til å avsløre innhaldet i budsjettet nokre minutt før han likevel skulle offentliggjere det for alt folket. Og tradisjonen tru svarte Sigbjørn Johnsen på forsøka med lure smil og hatt.

Det med hatten er kjempesmart, sjølvsagt. Sidan Sigbjørn Johnsen går med hatt, er det ein del journalistar som gløymer å stille spørsmål om budsjettet, og i staden stiller spørsmål om hatten. Og i år som i fjor har moteekspertar blitt intervjua om Johnsens hatt. Og i år som i fjor har nokon tatt heilt av og samanlikna Sigbjørn Johnsen med Don Draper. Don Draper er hovudpersonen i tv-serien Mad Men. Don Draper går med hatt, det stemmer, men er elles mest kjent for å bruke arbeidstida si til å kjederøyke og drikke heller store mengder sprit. Det tviler eg på om Sigbjørn Johnsen gjer, sjølv om han kremta mistenkelig ofte under framlegginga av statsbudsjettet. Å seie at Sigbjørn Johnsen er regjeringas Don Draper fordi begge bruker hatt, blir litt som å seie at Thorbjørn Jagland er den nye Amy Winehouse, fordi begge har gått ein del med sko.

Thorbjørn Jagland, ja.

Han har også brukt mykje tid i det siste til å ikkje svare på spørsmål. Journalistar er jo veldig opptatte av å analysere og sjå trendar. Eller tippe, som det eigentlig heiter. Og derfor ville det vore stort for ein journalist å vere den som tippa rett fredspris-vinnar. Eller endå betre, få leiaren i Nobelkomiteen til å forsnakke seg.

Derfor blei Jagland intervjua mange gonger i dagane før offentliggjeringa av fredspris-vinnaren. Intervjuarane prøvde å lokke han utpå. Jagland svarte diffust, kom med nokre hint som kunne tolkast i mange retningar, og smilte fornøgd.

Og det er derfor eg er kjempekritisk til komiteen.

For du såg at Jagland hadde glede av dette. Du såg at han likte å erte journalistane. Han likte at ingen hadde klart å gjette rett fredsprisvinnar. Han likte det veldig godt. Han såg det som ein siger. Han smilte i alle intervjua. Smålo litt, og sa han var forundra over at ingen ekspertar hadde klart å sjå det komiteen hadde sett. Og heile kroppsspråket hans fortalde at han måtte ta seg saman for å ikkje vise hermeteikna med fingrane då han sa «ekspertar».

Og på fredagen, då vinnaren endelig blei offentliggjort, såg du at han hadde lyst til å seie: «The Nobel Peace Prize for 2011 goes to Ellen Johnson Sirleaf, Laymah Gbowee og Tawakkul Karman. Ædda bædda» Han ville sannsynligvis gjort det også, om det ikkje var så mykje utanlandsk presse til stades.

Og det er derfor eg er kritisk. For om ein no først skal stille opp i alle desse intervjua der ein ikkje kan svare på spørsmåla, og om ein no til og med har glede av det, kvifor ikkje gjere det skikkelig? Kvifor ikkje nytte høve til å forvirre journalistane ordentlig?

Ikkje berre seie noko gåtefullt om at ekspertane ser i feil retning, men seie noko verkelig gåtefullt. For eksempel: «Eg kan naturligvis ikkje avsløre vinnaren. Men la meg seie det slik: Ei elv renn berre ein veg. Og ingen kan ha fødselsdag kvar dag.»

Eller kva med å rett og slett lure journalistane? Skaffe dei masse ekstraarbeid? Og få dei til å intervjue ekspertar og få ekspertane til å drite seg ut? Det kan ikkje vere så vanskelig. Det kan vere nok å planlegge ei forsnakking: «Eg kan naturligvis ikkje avsløre vinnaren. Men det vi i komiteen var opptatte av då vi begynte å snakke om Av…»

Og så stoppe, og sjå litt flau ut.

Då vil journalisten spørje: «Av? Begynner årets fredsprisvinnar på Av?»

Og så kan Jagland svare: «Ingen kommentar» eller «Berre gløym det siste eg sa» eller «Av og Av, fru Blom».

Og så vil alle begynne å leite etter kandidatar på Av. Ekspertar vil finne fleire sannsynlige fredsprisvinnarar på Av.

Og så kjem dagen, og Jagland kunngjer ein fredsprisvinnar som slett ikkje begynner på Av.

Det hadde vore heilt fantastisk. Det håper eg skjer neste år.

Heller det enn at Jagland plutselig begynner å gå med hatt. Det vil berre sjå dumt ut.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 8. oktober.