Timen gjekk opp i røyk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bjørn Steen opptredde som reine trollmannen og fekk det til å smelle, røyke og boble.

Over­ingeniør Bjørn Steen underviser i kjemi ved høgskulen og hadde laga i stand ein kjemitime av det uvanlege slaget. Han hadde sett saman ein time som fekk elevane til å gispe av overrasking og klappe av begeistring. Det putra, koka og fresa frå kateteret og Steen hadde mange artige kjemiforsøk å vise fram.

Kjemitrollmannen fekk dei 60 elevane til å følgje med og viste dei at naturfag absolutt ikkje treng å vere kjedeleg.

Han fekk ulike blandingar med «lurium» til å skifte farge. Ei blanding skifta frå blank til gul og blå og vidare til gul og blå om og om igjen. Han fekk vatn til å renne oppover. Han laga vulkan med illeluktane gassar.

Han blanda nokre stoff og ved hjelp av ein katalysator laga han noko han kalla elefant-tannkrem. Lysebrun gugge vaks og rann ut av kolben når reaksjonen skjedde. Ordet katalysator sette tydelegvis ein av elevane på ein idé.

– Funkar det for å få mopeden til å gå fortare, spurte han.

Som pangavslutning blanda Steen tre stoff: Han var litt hemmelegheitsfull om kva det var han blanda saman, men sa noko om både reaktive stoffer, salter og sukker. I alle fall blei det fresing og flammar og fargar og mykje røyk. Dermed måtte alle stryke på dør før røyken blei for tett. Timen var over.

LES SAKA I BØ BLAD!