Kjærleik til bygda
Ungdomslaget Frihug er fullt av unge, initiativrike høysekkar som vil vekkje heimbygda si frå dvalen og skape liv i plassen dei er så glade i.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Brått var dei mange unge som budde i Høydalsmo og grendene rundt. Unge vaksne med tiltakslyst og engasjement, men utan stadar å møtast og utan noko naturleg samlingspunkt. Då oppstod ideen om å ta opp att aktiviteten i det gamle ungdomslaget i bygda, som hadde ligge daudt sidan 80-talet.
På eit møte 17. april 2010, bestemte ni unge eldsjeler seg for å ta opp at drifta av UL Frihug, tufta på føremålsparagrafen frå 1895:
«Frihug hev til fyremål å arbeide for frihet, likhet og framsteg og stydja målreisingi, spreida upplysning på alle leider og då helst for ungdom til å fylgje med i tidi. Dette tenkjest fremja med foredrag og ordskifte av ymse emne, upplesing, song og leik».
Dølen inspirerte
– Det botna i noko så enkelt som eit ynskje om å skape aktivitet i bygda. Det var stille og lite som skjedde, forklarar Einar Heggtveit, som var den som hadde ideen til å bruke det gamle ungdomslaget som basis for å skape aktivitet og liv.
– Det er ikkje noko poeng i å klage over at det er lite som skjer, så lenge ein ikkje gjer noko med det sjølv, seier «ungdomane», som alle er i 20-30-åra.
Dei såg kor godt 2. joledagsfesten til UL Dølen i nabobygda Morgedal blei motteken blant folk, og tenkte at «dette skal me også få til».
– Det var sjølvsagt ein inspirasjon å sjå korleis dei har fått til ting i til dømes Morgedal og Øyfjell, seier Live Vinjerui Lid.
– Eit viktig poeng for oss er at me står for mange ulike typar arrangement, både for heile familien og for berre unge og vaksne. På quizane kjem folk frå 18 til 80, fortel Einar.
– Det er godt med fleire alternativ. For å setje det litt på spissen, kan ein seie det nesten var slik at ein berre kunne velje mellom ski og fotball, eller fyllefest der ein krabba heim, seier Ida, som er gift med Einar og innflyttar til bygda.
Bulystglansbilete
Dei har mange planar og idear, den kreative gjengen. Ein av dei er å inkludere dei som er endå yngre, for å kartlegge kva tilbod dei saknar i bygda.
– Me tenker å lage ei eiga ungdomsgruppe med ungdomsskuleelevar, der dei kan kome med idear og innspel. Me trur det vil vere moro for dei å vere med og skape noko sjølve, seier Gro Elin Vold, som også er kjærleiksinnvandrar til Høydalsmo.
Ho og resten av gjengen boblar over av tiltakslyst og engasjement for bygda si. Dei slenger ut idear og tankar om aktivitetar og tiltak for å gjere Høydalsmo til ein meir attraktiv plass å bu, der dei sit rundt bordet på kroa med kvar sin kaffekopp. Det er mest så ein skulle tru dei fekk betalt av regjeringa si bulystsatsing for å vere rollemodellar. Men betaling er det ikkje stort av. Dei driv på dugnad og greier seg førebels slik.
– Noko av det me har mest lyst til er å gjere Høydalsmo sentrum meir attraktivt. Me håpar å kunne hjelpe til med å ruste opp sentrum, til dømes gjennom å tilby arbeidskraft direkte til som har eigedomar og bygg som treng ein opprusk. Slik det er no ser det ikkje vidare innbydande ut, meiner dei, som også håpar næringslivsinvestorar er viljuge til å satse i Høydalsmo i samband med den nye reguleringsplanen for området ved Oftevatn bak Shell.
Inspirere andre?
Fram mot jol har dei unge høysekkane mykje på plakaten.
– I desember arrangerar me jolemarknad på garden Ormbrekk. Då håpar me lokale produsentar av mat og handverk vil kome og selje og stille ut produkta sine. Det blir også joleverkstad for barn, kafé og aking og kanefart om snøen er på plass til den tid, fortel Gro Elin.
– I november blir det ny quizrunde, og så håpar me at me får vere med å arrangere ein opningsfest av det nyoppussa samfunnshuset når det er klart. Me har vore i kontakt med kommunen for å avklare dette, opplyser dei.
Dei håpar at arbeidet UL Frihug gjer for heimstaden sin vere til inspirasjon for andre bygder og tettstader i Vest-Telemark.
– Det nyttar ikkje å sitje med hendene i fanget og vente på at noko skal skje, slår den initiativrike gjengen fast.