Nordmenn er mest trygda i verda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten 30 prosent av folket tek imot trygdeytingar. Ingen land i verda har ein større del av folket på uføretrygd.

Totalt er no 1,5 millionar innbyggjarar på trygd her i landet. Dette talet inkluderer alderspensjonistar, personar på arbeidsavklaringspengar, svangerskapspermisjon og ledige, skriv Bergens Tidende.

Sverige og Nederland har snudd
– Etter at Sverige og Nederland har klart å snu trenden, har Noreg hamna på verdstoppen både i delen uføre og i sjukefråvær. Det er særleg grunn til å vere uroa over auken av heilt unge uføre, seier professor i trygdeøkonomi ved Universitetet i Bergen, Kjell Vaage.

Han meiner sjukelønsordninga er ei av årsakene til at Noreg toppar statistikken.

– Ingen vågar å røre ved det mest sjenerøse systemet i verda, der ein får akkurat like mykje pengar om ein er på jobb eller er sjuk og held seg heime. Når ingen andre land i verda har det slik, er det ikkje sikkert at det er vi som har den beste ordninga, seier økonomiprofessoren.

Medisinen
Vaage meiner at politikarane grovt sett kan velje mellom to verkemiddel dersom ein skal endre trygdesystemet.

– Enten kan ein redusere trygdesatsane og innføre eigendelar, eller ein kan auke kontrollen. Alle land prøver å balansere desse forholda. I Noreg vik vi svært ofte unna, seier Vaage, og meiner dette er ein av grunnane til at Noreg ikkje har klart å snu den negative trenden. (©NPK)

Burde Sigbjørn Johnsen og regjeringa kneppa meir igjen på pengebruken for å spara til seinare generasjonar?