Aksjonsdag for Afrika

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aksjons- dag for Afrika

– Eg sel forskjellige ting, som leiker, bamsar og spel.

Tiandeklassing Tommy Dahl (15) har eige salsbord under loppemarknaden på Nysæter ungdomsskule torsdag.

Mange svelt
– Pengane går til menneska på Afrikas Horn. Det er jo mange som svelt der, seier Dahl.

– Kring 18.000 menneske døyr av svolt i Afrika, kvar dag, utdjupar han.

Besøk frå Afrika
– Eg er kjempeglad for at ungdommen hjelper til på denne måten.

Mohammed Mohammed Haye veit så alt for godt kva det vil seia med krig, svolt og elende på Afrikas Horn.

– Elevane er kjempeflinke og det gjev slik ei meining det dei gjer her i dag. Elevane gjer dette frå botnen av sine hjarter. Og det går rett inn i mitt, seier Haye.

Han flykta frå Sør-Somalia i april 2010, og bur for tida på Heiane mottakssenter.

Kone og born er framleis i Afrika. Dei måtte nyleg flykte frå Somalia til Kenya, grunna krig og svolt, ifølgje Haye.

– Eg veit enno ikkje kva framtida vil bringa for meg og familien, seier han.

Spesielt
– Eg syns det er utruleg kjekt å vera rektor med så engasjerte lærarar og elevar, seier Trude Aamot, rektor på Nysæter ungdomsskule.

Det er ikkje berre ein innsamlingsaksjon. Dette har også vore eit prosjekt for elevane.

– Me byrja med dette på måndag, med ni ulike stasjonar som dei har jobba med. Blant anna har dei dansa afrikanske dansar. Sett filmar, lese afrikanske eventyr og lese seg opp på ernæring. I dag er det innsamlingsaksjon og me har kafe og loppemarknad med forskjellige aktivitetar rundt omkring på skulen. For ti kroner kan ein til dømes spela bordtennis, syngja karaoke eller vera med på formgjevingsaktivitetar, forklarer rektor.

– Kva tankar gjev du deg kring Haye sitt besøk her i dag?

– Det set me veldig pris på. Ein får eit meir konkret forhold til det me held på med. Dette er ein som veit korleis livet til menneska i Afrika er.

Initiativ
Innsamlingsaksjonen vart starta på grunnlag av eit innspel frå lærar Anne Sissel Mugaas på Nysæter ungdomsskule. Ho foreslo ein aksjon opp imot svolttragedien. Pengane skal gå til raudekrossen sitt arbeid mot svolt på Afrikas Horn.

Under innsamlingsdagen på Nysæter i går, vart det også halde tale av elevane. Og av Stord ordførar Liv Kari Eskeland (H) og av Mohammed Mohammed Haye. Aksjonen fekk også støtte frå Leirvik Mannskor si damegruppe, SIM næring og Kværner Stord.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!