Små endringar for dei fleste av oss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avgiftene aukar stort sett med prisstiginga medan skattesatsane blir justert med venta lønsvekst på 4 prosent. Skattenivået aukar ikkje. Nokre får skattelette medan andre kjem litt dårlegare ut.

Dersom overslaget frå regjeringa om 4 prosent lønsauke og 1,6 prosent prisstiging held, vil svært mange få meir pengar å bruke neste år.

I fleire statsbudsjett gjennom åra har barnefamiliane vore vinnarar. Det kan ikkje seiast i år, då matmomsen aukar medan barnetrygda framleis står stille. Ei gruppe som vil vere misnøgd med budsjettforslaget, er dei som har fått frådrag for ekstra store sjukdomsutgifter. Dette frådraget vil regjeringa fjerne over tre år og heller auke støtta på andre område, blant anna til tannbehandling.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR STATSBUDSJETTET!

Her er nokre av dei viktigaste endringane for den vanlege forbrukar:

Dyrare mat – billegare straum
– Matmomsen aukar frå 14 til 15 prosent. Dersom alt blir velta over på forbrukarane, vil det føre til 0,88 prosent prisauke, ifølgje regjeringa. Finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) seier at det ikkje vil bli så mykje, for matindustrien har samtidig fått avgiftslette for 630 millionar kroner.

– Avgiftene på alkohol og tobakk aukar med prisstiginga, 1,6 – 1,7 prosent. Det er langt mindre enn i fjor.

– Kringkastingsavgifta aukar med 95 kroner til 2.580 kroner.

– Maksimalpris i barnehagar blir vidareført.

– Kontantstøtta for toåringar blir avvikla frå 1. august neste år medan kontantstøtta til eittåringar aukar.

– Tilskotet til utjamning av linjeleige i straumnettet blir dobla. 120.000 straumkundar vil få redusert nettleige.

Skattenivå som før
Regjeringa legg ikkje opp til store endringar i skattar og avgifter neste år.

Her er dei viktigaste justeringane:

– Minstefrådraget aukar frå 36 til 38 prosent av inntekta.

– Maksimalt minstefrådrag aukar med 3.000 kroner til 78.150 kroner.

– Innslagspunktet for toppskatt blir heva frå 471.200 kroner til 490.000 kroner.

– Inga endring i arveavgifta. Litt mindre formuesskatt

– Botnfrådraget i formuesskatten blir heva frå 700.000 til 750.000 kroner

– Det maksimale frådraget for fagforeiningskontingent aukar frå 3.660 til 3.750 kroner.

– Frådraget for reiser mellom heim og arbeid aukar for dei som har dei lengste arbeidsreisene.

– Satsen for skattefri godtgjering for yrkeskøyring med privatbil aukar frå kr 3,65 til kr 3,90 per kilometer for dei første 10.000 kilometrane.

– Frådraget for store sjukdomsutgifter blir foreslått avvikla over tre år. Dei ekstra utgiftene må vere over 9.180 kroner for å få dette frådraget i år.

– Likningsverdien av hytter og fritidsbustader i utlandet aukar med 10 prosent.

– Innstramming i reglane for utleige av del av eigen tomannsbustad.

Ikkje store endringar for bil
Det var på førehand venta store endringar i bilavgiftene, men dei kom ikkje denne gong. Ein del endringar og justeringar blir likevel foreslått:

– Avgiftene blir sett ned for bilar med svært låge CO2-utslepp. Dette blir gunstig for hybridbilar som kjem på marknaden neste år.

– Dieselbilar blir dyrare, ingen endring for elbilar.

– Vrakpanten aukar frå 1.500 til 2.000 kroner.

– Omregistreringsavgifta blir sett ned med 5 prosent for personbilar, 20 prosent for næringskøyretøy. (©NPK)