– Kan bli dramatisk for born og unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa legg opp til at Norsk Tipping vil gje 225 millionar kroner mindre til frivillige lag- og organisasjonar.

– No må regjeringa skjerma Frifond når tippeoverskotet for 2011 skal fordelast. Sjølv om det er varsla at Frifond blir styrkt i tippenøkkelen frå 2013, har ikkje ungdom tid eller råd til eit slikt kvileskjær som statsbudsjettet ber bod om, seier Martin Østerdal, generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Mindre til organisasjonar i vekst
Kutt i Frifond vil i praksis innebere færre gratis fritidsaktivitetar, mindre demokratiopplæring og mindre inkludering av, for og blant born og unge i Noreg.

– Vi føler at dette budsjettet uttrykkjer at vi står øvst på ventelista, men at vi ikkje når heilt opp. Svara vi får frå både Kulturdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet minner om ein telefonsvarar som seier ”Samtalen din er viktig for oss. Ver vennleg å vent”, seier Østerdal i ei pressemelding.

GÅ TIL TEMASIDENE FOR STATSBUDSJETTET!

Barne- og ungdomsorganisasjonane er i vekst, og har vakse endå meir etter 22. juli. I statsbudsjettet er det berre lagt opp til ein liten auke i grunnstøtta og i Frifondmidlar til lokal aktivitet.

– Eit steg fram – og to tilbake
LNU seier at gjennom Soria Moria-erklæringa, Kulturløftet og retorikken etter 22. juli har regjeringa skapt store forventningar for satsinga på barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei viser òg til at regjeringa erkjenner i statsbudsjettet at organisasjonane er i vekst og treng meir pengar for å oppretthalde eksisterande tilbod. Men samarbeidsorgan for 99 barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg meiner regjeringa bit seg sjølv i halen når auken ikkje kompenserer tippekuttet.

– Dette budsjettet vil bli eit steg fram og to tilbake på vegen mot Soria Moria dersom ikkje Anniken Huitfeldt skjermar Frifond når overskotet frå tippmidlane skal fordelast, avsluttar Østerdal.