Fredag blei landets beste kokk kåra i Bergen. – Heilt utruleg, fortel vinnaren, som også er historiens yngste norgesmeistar.

Anette Hjelle Volden/Studvest
Anette Hjelle Volden/Studvest
Faktaboks

Norgesmeisterskap i kokkekunst
– Vart arrangert for 22. gang i Grieghallen 29. og 30. september på vegne av Bergenskokkenes Mesterlaug, som ligg under Norges Kokkemesteres Landsforeining (NKL)
– Tolv finalistar konkurrerte om den gjeve prisen som Norgesmeistar i Kokkekunst.
– Vinnaren vil representere Noreg i «Nordic Chef of the year» i 2012.
 

LES FAKTALUKK FAKTA

Det var første gang Christian André Pettersen deltok i Norgesmeisterskap i Kokkekunst. Vinnaren synest det er godt å endeleg få lønn for strevet.

– Noko av det beste er all den lærdommen som ein får, og at ein får betalt for det ein kjempar for. Dette opnar mange dører for meg, sjølv om eg berre er 22 år, seier Pettersen.

Sjølv om det er viktig for han å lage mat som skil seg ut, er det også andre kvalitetar ein god kokk må ha.

– Ein må like yrket sitt godt og skikkeleg brenne for det. Ein må i tillegg ha ein heilt vill fantasi og vere positiv og ydmyk, fortel kokkevinnaren.

Husmannskost
Den ferske norgesmestaren er derimot ikkje heilt ny innanfor kokkefaget. Både far og læremeistar har vore hans store inspirasjonskjelder der husmannskost var ein viktig del.

– Eg har ein far som også er kokk, og i studenttida fekk eg og ein kompis alltid mat enten heime av oss eller av han. Me lagde alltid heimelaga mat, seier han og legg til:

– Ferdigmat er ikkje noko eg sjølv et, kanskje i nøden om eg hadde vore på fjellet, ler den ferske kokkemeistaren.

– Kva for nokre tips vil du gi studentar når dei skal lage mat?

– Det enkle er ofte det beste. Ikkje lag noko fancy, men prøv å lage noko nytt. Tenk ting som går godt i lag, og husk å smake undervegs, seier Pettersen.

– Høgt nivå
Thorbjørn Thorsen, leiar for NM i kokkekunst, seier at valet om kven som får vere finalist under NM er ein avansert prosess.

– Kokkane sender inn søknad som blir behandla av ein hemmeleg komité som ikkje veit om kvarandre. Tilslutt samlast alle når nokre er trekt ut og demokratiet bestem. Alt blir heilt tilfeldig, og det er derfor me hadde sju finalistar frå Trondheim med i år, seier Thorsen.

Kristine Hartviksen, president i Norges Kokkemesternes Landsforeining og dommar under årets NM, er særs nøgd med årets arrangement.

– Det var eit kjempehøgt nivå i år, og fleire av desse kjem me nok til å sjå igjen, seier ho.

LES SAKA I STUDVEST!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32
ANNONSE