Miljørørsla er uroa etter oljefunn

Miljørørsla er uroa for at det nye gigantfunnet i Nordsjøen kan hindre auka satsing på fornybar energi.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Funnet på felta Avaldsnes og Aldous Sør kan vere det tredje største som er gjort på norsk sokkel nokosinne. Men i all jubelrusen er fleire miljøorganisasjonar uroa, skriv Dagsavisen.

– Dette er definitivt eit oljefunn med bismak, seier leiar Markus Nilsen i Changemaker. Han er redd for at funnet vil øydeleggje for satsinga på fornybar energi.

– Me treng ikkje selje fornybar energi fordi me har så mykje olje, fryktar han.

Nestleiar Unni Berge i Zero meiner at oljefunnet kan føre til at utsleppa av klimagassar i Noreg vil auke og seier at organisasjonen vil jobbe for å elektrifisere norsk sokkel slik at oljeplattformene blir drivne på straum og ikkje gass.

Slik vil utvinninga bli mykje reinare.

Også professor William Lafferty ved SINTEF Energiforsking er uroa. Han meiner det har vorte vanskeleg å satse på forsking på fornybar energi i Noreg, fordi Noreg er avhengig av vasskraft og oljeindustri. (©NPK)

Er det på tide at Noreg sluttar å leita etter meir olje og gass?