Fleire får læreplass

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. september i år var det formidla 14.391 lærekontrakter. Det er 1589 fleire plassar enn i fjor på same tid.

– Dette er veldig bra og gjer at fleire enn før kan fullføre vidaregåande opplæring, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Fleire søkjarar
Òg talet på søkjarar på læreplass har auka, frå 20.740 i fjor, til 22.060.

– Vi kan likevel ikkje slappa av, mange ungdomar som ynskjer seg ein lærekontrakt, står enno utan, seier Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

65 prosent av søkarane har fått formidlar læreplass. I fjor var den tilsvarande prosenten 61. Normalt aukar talet på lærekontrakter gjennom heile septemberen og oktober.

LES OGSÅ: Fylkeskommunar får skarp lærlingkritikk

Det tyder at delen søkjarar som ikkje får formidla plass kan reduserast ytterlegare. Men dei positive tala kan òg tyde at det har vore meir trykk frå fylkeskommunane på formidling av læreplasser enn tidlegare:

Fleire innan helse og omsorg
Det er ein særleg god vekst i talet på kontraktar når det gjeld læreplasser for barne- og ungdomsarbeidarar og innanfor helse og omsorg. Her er det også mange som tidlegare ikkje har fått plass.

– Her skjønar kommunane at dei treng gode faglærte folk og har tydelegvis lagt seg i selen, seier Halvorsen.

Ho påpekar vidare at alle statsrådane har forplikta seg til å følgje opp dette arbeidet på sine ansvarsområde slik at talet læreplasser i statleg sektor kan auke med 10 prosent i høvet til i fjor.

– Eg merkar òg at det er eit heilt anna trykk enn før i NHO-området, og særleg har dei retta innsatsen mot å rekruttera fleire lærebedrifter. Så det er ein skikkeleg dugnad på gang, seier Halvorsen.

LES OGSÅ: For smart til å gå på yrkesfag?