Dei industrialiserte landa vil berre ha moderat vekst dei neste 30 åra – med unntak av Noreg.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Vår økonomi vil framleis vere dopa på olje og gass, ifølgje ekspertane til Statoil.

Om prognosane det økonomiske analysemiljøet i Statoil presenterte måndag slår til, kjem Noreg framleis til å vere i ei økonomisk særstilling i 30 år til, slik me også er i dag. Verdsøkonomien kjem til å vekse med gjennomsnittleg 2,9 prosent fram mot 2040, og den mest vesentlege veksten vil finne stad i framveksande økonomiar i Asia, ifølgje sjeføkonom Klaus Mohn i Statoil.

Industrialiserte land – med unntak av Noreg – vil stå for eit betydeleg mindre bidrag til veksten, held han fram. Fossilt brensel – olje, gass og kol – kjem nemleg framleis til å dekke høvesvis godt over to tredeler av det samla energibehovet i verda i 2040. Og prisane er venta å liggje høgare dei neste 30 åra enn i dei 30 åra før.

LES FLEIRE SAKER OM SAMFUNNSØKONOMI!

– Det gjer at Noreg vil stå mykje betre rusta enn fleirtalet av dei industrialiserte landa i verda, seier Mohn til NTB.

Han slår fast at olje- og gassnæringa vil halde fram med å sprøyte mange milliardar årleg inn i den norske fastlandsøkonomien i «lang, lang tid framover». (©NPK).

Korleis meiner du me bør forvalta oljerikdommen vår?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

ANNONSE