Du skal sleppe å vere redd
Det er måndag morgon, og Olga (90) veit ikkje om ho tør lese avisa. Kva melder politiloggen i dag, tru?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heldigvis for Olga er det ikkje dei eldre som er mest utsett for vald. Då er det verre for oss som er godt under pensjonsalder. Blant ungdom mellom 16 og 24 år, opplever 22 % vold eller truslar minst ei gong i året. Det gjer noko med oss. Frykta for å bli overfalle, valdteke eller slått ned gjer at ein av tre er redde for å gå på byen. Når folk ikkje lenger kan gå ut og kose seg utan å vere redde, har me eit problem. Noko må gjerast. Men kva?
Statens Institutt for Rusmiddelforsking (SIRUS) har konkludert for oss. I ti år har dei studert samanhengen mellom skjenkestopp og vald i 18 norske byar. Det er ikkje tvil. Ved å stenge kranane ein time før, blir det mykje mindre vald. Motsett, ein time lenger skjenking gir tilsvarande meir vald.
Nokre menneske blir litt irriterte når politikarar ønskjer å stramme inn skjenketidene. Kva med valfridom? seier dei. Og, det er då grenser for kva dei folkevalde bør få styre! Sjølv greier eg ikkje oversjå statistikken si klare tale. Difor ønskjer eg skjenkestopp kl. 02. Eg ønskjer laurdagskveldar med meir tryggleik, moro og kos på byen og mindre vald og bråk.
KrF har lenge etterlyst ein meir offensiv politikk for tryggare byar. Det same har politiet, helsevesenet, forskarane og natteramnane. Kvifor vil ikkje regjeringa høyre? Fordi ei innstramming av skjenketidene kan gå utover økonomien til utestadane. Omsynet til utelivsbransjen er viktigare enn folk si tryggleik. For meg blir det heilt feil. I staden må kontrollere utestadane, oftare og betre, så dei ikkje gjer seg skuldig i lovbrot. For å skjenke ungdom under 18 år er ulovleg. Likevel, i Juvente si skjenkekontroll 2010, greidde 80 % av dei mindreårige å kjøpe alkohol på utestadar.
I tillegg må me kjempe for færre skjenkestadar, meir synleg politi og betre transporttilbud om kvelden og natta. Dessutan må me sikre rusfrie møteplassar for ungdom, til dømes idrettsanlegg og ungdomshus. (Først då kan me snakke om reel valfridom!) Til saman vil dette føre til tryggare byar og meir helgemoro for folk flest. Det er eg viss på. Og du slepp å vere redd.