Snart kan du låne e-bøker på biblioteket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart kan du låne e-bøker på bibioteket

– Det er to ting som må på plass før e-biblioteket er klart til å starte opp. Det er avtaler med alle forlag og utgjevarar av norske bøker, og også ein del utanlandske. Den andre tingen som må på plass er systemet vi skal nytta, som vi held på å setje om til norsk, fortel bibliotekfagleg direktør i Biblioteksentralen, Kjartan Vevle, til lnk.no.

Biblioteksentralen har jobba i fem år for å få dette på plass. Systemet dei har vald å nytte for det digitale biblioteket har allereie vore i bruk i to år i Tyskland, Austerrike og Sveits.

Biblioteksentralen er eigd av norske kommunar og er ei non-profit-bedrift, og har fordel av å vere så store at dei kan forhandle fram langt gunstigare avtaler enn dei einskilde biblioteka kan få til på eiga hand.

– Vi fungerer som ein slags bokhandel for biblioteka, seier Vevle.

E-biblioteket tilbyr utlån av e-bøker, lydbøker, film og musikk, som kan lastast ned på din pc, lesebrett, telefon, mp3-spelar eller kva slags teknisk løysing du nyttar. Det einaste som ikkje kan brukast i dette systemet er Kindle lesebrett, som har ei heilt spesiell avtale med Amazon.

LES MEIR: Her er favorittboka di

Utlånet av digitale medium kjem til å fungere på same måte som ved utlån av fysiske medium.

– For å sikre at alle opphavsrettar blir fulgt og at forlaga, forfattarane, plateselskapa og musikarane framleis får betalt for det dei har gitt ut og laga, kjem vi til å nytte ein modell som er basert på korleis bibliotek tradisjonalt har blitt drive, seier Vevle.

– Det fører til at kvar fil bare kan lånast av ein person om gongen, og viss det er stor pågang på fila kan biblioteket kjøpe inn fleire lisensar, legg han til.

LES MEIR: Følg med på temasida vår for litteratur

Viss du skal låne noko frå det digitale biblioteket går du inn på nettsida til ditt aktuelle bibliotek, du søkjer opp den e-boka du vil låna, så loggar du deg inn og får lasta ned e-boka. Låneperioden blir begrensa, som ved fysisk utlån, og når denne perioden er over blir fila sletta frå din konto. Då er e-boka klar for neste lånar.

Fordelen med e-biblioteket er at du kan låne det du ønskjer frå kvar som helst og heile døgnet uavhengig av om det er sundag eller ferie.

LES SAKA PÅ LNK.NO