Post-it-krigen har kome til Noreg.

Monica Michelsen/Under dusken
Monica Michelsen/Under dusken

Océane Balland starta den franske trenden «post-it war» i Trondheim. Ho er sjølv fransk, og las om fenomenet i ei fransk avis i sommar.

– Eg synst det var morosamt, og hadde lyst til å starte noko liknande her i Trondheim.

Balland er doktorgradsstipendiat i Marinteknikk ved NTNU på Tyholt. Det var her ho starta det heile.

– Vi byrja å snakke om det under fredagskaffien for litt sidan, og fleire av kollegaene mine syntest det høyrdest gøy ut og vart med, seier ho.

ABC Nyheter skreiv om fenomenet for tre veker sidan. Aftenposten hadde førre veke ein konkurranse gåande der lesarane kunne sende inn sine post-it-kreasjonar.

– Vi starta med dette ein månad før det byrja i Oslo og Aftenposten skreiv om det, fortel Balland.

Klassikarar
Dei tok utgangspunkt i velkjende figurar som Pacman og Super Mario.

– Vi ville ikkje lage noko nytt, slik som Angrybirds, men halde oss til dei gode, gamle klassikarane, fortel ho.

Balland synest det er kjedeleg ingen fleire på Tyholt har respondert på post-it-kunsten deira.

– Marin ligg jo ganske isolert her oppe, så det er jo kanskje ikkje så rart, seier ho.

Fenomenet er per i dag å observere fleire stader i byen, blant anna ved Berg Studentby, Perleporten på Gløshaugen og i Elgeseter gate.

Du kan sjå fleire bilete av «post-it-kunsten» på postitwar.com.

LES SAKA I UNDER DUSKEN (på bokmål)!

Har du tatt bilete av post-it-kunst? Del bileta dine her!

Sjå bilete frå Flickr under:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE