Bli venn med Arne og Hulda
Diktarparet Arne Garborg (1851-1924) og Hulda Garborg (1862-1934) har fått nytt liv på Facebook.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bli venn med Arne og Hulda
Hugsar du noko om forfattaren Arne Garborg frå norsktimen? No kan du få dei siste statusoppdateringane hans ved å legge han til som venn på Facebook.
Sjølv om det er nesten 100 år sidan den grublande jærforfattaren døydde, lever han no i beste velgåande på Facebook. Kona hans Hulda har óg fått sin eigen profil.
Men den som står bak profilane til både Arne og Hulda Garborg er eigentleg Ørjan Johansen, formidlar ved Nasjonalt Garborgsenter.
– Tanken var at Arne og Hulda skulle kommentere på Nasjonalt Garborgsenter si facebookside. Slik at vi kunne få nokre fiktive morosame samtalar, og på den måten sprite opp sida litt.
Hulda mest populær
Då ekteparet Garborg fekk nytt liv på Facebook for nokre veker sidan, begynte vennane å strøyme til.
– Hulda har 113 venner, medan Arne har 85. Og dei har ikkje lagt til nokon sjølve, fortel Johansen.
LES MEIR: Difor funkar Facebook
Han har lurt litt på kvifor Hulda har fleire venner enn Arne. Ein av grunnane kan vere at det nettopp har kome ein ny biografi om henne.
– Men det kan også vere fordi ho kanskje er litt friskare enn Arne, flirer Johansen.
På facebooksida si skriv nemleg Hulda at interessene hennar er teater, folkevisedans og bunadar. Arne si hovudinteresse er derimot ”å tenkje”.
– Eg hadde jo eigentleg trudd at Arne ville bli mest populær, det er jo han ein høyrer om på skulen.
Gråsone
Både Hulda og Arne Garborg var sentrale norske intellektuelle i åra mellom 1870 og 1930. Medan dei levde sette dei spor i både litteratur, politikk, kulturliv og nynorskarbeid.
LES MEIR: 14 millionar ekstra til nynorsktiltak
Når dei no har oppstått på Facebook, har dei også bidrege til å auke trafikken til Nasjonalt Garborgsenter.
Formidlaren ved Garborgsenteret innrømmer at Garborg-paret sitt nye liv på nett likevel er litt i gråsona. Det er nemleg eigentleg ikkje lov til å lage profilar på Facebook for avdøde personar.
– Samtidig er det veldig uskuldig sidan det er vi i Nasjonalt Garborgsenter som står bak. Men skulle det bli problem med Facebook på sikt så får vi heller gå over til å lage profilane om til tilhengjarsider.
– Men då misser Arne og Hulda mulegheita til å delta i samtalar, legg han til.
LES MEIR: Sosiale nettverk først oppdaga i Noreg
Tek imot alle
– Eg prøver å få ting rett både når det gjeld personlegdom og språk når eg svarar dei som skriv noko til Arne og Hulda, seier Johansen.
Han innrømmer at det er kjekt å vere mannen bak Garborg-paret sitt liv på facebook.
– Det er gildt å gå inn på sidene deira og kvar dag sjå at dei har ein haug med veneførespurnader.
Og Arne og Hulda er ikkje kresne når det gjeld omgangskrins.
– Dei tek imot så mange vennar som dei kan få.