Tapar millionar på veljarflukt

Frp taper 7 millionar i statsstøtte på veljarflukta.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar tredje Frp-veljar har forsvunne sidan 2007. Det betyr rundt 7 millionar kroner i tapt statsstøtte i 2011.

Den statlege støtta til fylkesparti og lokallag blir rekna ut frå oppslutnaden i det siste lokalvalet. I 2010 var støtta på 50,98 kroner per stemme. Lokallaga til Frp åleine vil mista 5,7 millionar kroner i statsstøtte i 2011, og ytterlegare to millionar blir borte i lokal støtte, skriv Dagbladet.

– Vi held på å rekna på dette no. Vi har ikkje full oversikt enno, for dette er samansett av fleire element. Både statleg, kommunal og fylkeskommunal støtte. Men ei halvering av oppslutnaden betyr nok i alle fall 5–6 millionar kroner for oss, seier generalsekretær i Framstegspartiet Geir Mo.

Han legg ikkje skjul på at det elendige valet betyr langt dårlegare økonomi for lokalorganisasjonane til partiet. Om konsekvensane blir oppseiingar og nedbemanning, er framleis for tidleg å seia noko om. (©NPK)