Åtte gründerar frå heile landet skal fortelje Liv Signe Navarsete (Sp) korleis det kan bli lettare å starte eiga bedrift i Noreg.

NPK-Hallvard Østrem
NPK-Hallvard Østrem

Måndag var det nyoppnemnde gründerrådet samla for første gong i Kommunal- og regionaldepartementet i Oslo, der statsråden ønskte spente rådsmedlemmer velkommen med frukt og kaffi.

Rådet skal leiast av Navarsete sjølv og skal drøfte seg fram til kva som kan gjerast på både kort og lengre sikt for å få fleire til å starte næring for seg sjølve – og ikkje minst sørgje for at fleire av dei overlever oppstartsfasen.

– Kvart år blir det etablert om lag 50.000 nye bedrifter. Mange av desse forsvinn etter berre få år, seier kommunalministeren.

– Vi har også ein relativt liten del av gründerar som har ambisjonar om å etablere bedrifter som kan vere internasjonalt konkurransedyktige. Talet på kvinnelege gründerar er også lågare enn ønskjeleg, og det er truleg eit potensial for fleire etablerarar blant innvandrarar i Distrikts-

Noreg, trur Navarsete.

– Må ha hjelp
Éin av dei åtte rådsmedlemmene, fleir-selskaps-gründer Håvard Halvorsen frå Sogndal, trur det kan ha svært mykje å seie at nyetablerarar får hjelp.

– Mange som startar bedrift, kan mykje om produktet og faget sitt, men er ikkje like interessert i bedriftsdelen, økonomi og administrasjon. Da kan det lett bli vanskeleg. Viss vi kan finne måtar å hjelpe folk med denne delen av det å drive ei bedrift, så er det bra, seier Halvorsen.

Han trur at hjelp til sal og marknadsføring og rett økonomistyring er viktigare enn mange trur.

– Det er på ein måte den kjedelege delen for ein gründer, seier Halvorsen, som har vore med på å starte opp ikkje mindre enn tre teknologibedrifter gjennom Sogn Næring i Sogndal.

LES OGSÅ: Flyttar til Sogndal

Alle dei tre selskapa, Yast, nLink og Falkeblikk, held til i same inkubatorbedrifta på Fosshaugane Campus.

– Eg har svært gode erfaringar med det å ha eit slikt miljø å støtte seg på. Det gir veldig mykje og aukar sjansane for å lykkast som gründer. Det har eg lyst til å fortelje gründerrådet om, seier han.

Vankunne om ordningane
Halvorsen trur også at mange potensielle gründerar ikkje kjenner til ordningane og korleis dei kan starte si eiga verksemd. Informasjonen er der, men han når ikkje godt nok ut. Det er ei utfordring for rådet, meiner Halvorsen.

– Eg visste svært lite om gründerverksemd før eg starta opp. Eg visste ikkje heilt kva Innovasjon Noreg var. Eg visste at det var pengar å hente der, men lite elles. Eg trur det gjeld mange som tenkjer på å starte bedrift, men som ikkje heilt veit kva dette går i.

LES OGSÅ: Det gror i gründerland

Halvorsen møter i rådet saman med Alexander Kjølstad frå Steinkjer, Sarita Sehjpal frå Kristiansand, Jens Martin Johnsrud frå Sør-Odal, Jeanette Johansen frå Værøy, Silje Vallestad frå Bergen, Stine Mølstad frå Ringsaker og Andreas Wiese frå Kårhamn. Dei har erfaring i alt frå å starte sjokoladefabrikk til teknologibedrifter, restaurantar og produksjon og foredling av mat.

Rådet skal vere ferdig med arbeidet sitt til våren. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE