– Har inngått avtale med fanden sjølv

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange har sperra augo opp over kva parti som kan få seg til å samarbeida om kven som skal bli ordføraren i kommunar landet rundt. Ikkje mange hadde spådd at ordføraren i knallraude Odda skulle koma frå Høgre, med støtte frå Raudt. Dermed er det slutt på 89 år med Ap-styre i industribyen lengst sør i Sørfjorden.

Ap-ordførar får halda fram – trass brakval for H
I Kongsberg held Vidar Lande (Ap) fram som ordførar etter at Arbeidarpartiet har inngått samarbeid med Høgre, Frp og SV.

I Kvinnherad har Arbeidarpartiet og Framstegspartiet funne saman, noko som gjera at Ap-ordførar Synnøve Solbakken får halda fram – trass i brakval for Høgre.

Ifølgje tal frå Kommunal Rapport i går, viser at Høgre er det partiet som vinn flest ordførarar. Dei får no minst 101 ordførarar. Noko som er 35 fleire enn for fire år sidan. Arbeidarpartiet får 126, noko som er ti tilbake frå sist val.

Kor mykje skal personlege relasjonar spela inn?
Også i Sandnes har Arbeidarpartiet funne saman med Framstegspartiet.

Statsvitar Svein Tuastad reagerer på samarbeidet mellom parti som tidlegare har vore som hund og katt i Sandnes bystyre:

– Arbeidarpartiet har her inngått en avtale med fanden for å få makt, seier han til Sandnesposten.

Han stiller spørsmål om kor mykje personlege relasjonar skal ha å seia i fordelinga av verv i politikken:

– Arbeidet som har blitt gjort av Høgre i forhandlingane er talentlaust. Skal verkeleg det at nokre politikarar ikkje tåler trynet på kvarandre spela inn slik som dette, spør Tuastad i Sandnesposten. Forhandlingane mellom dei borgarlege partia fall saman då dei andre ikkje ville gje Frp varaordføraren.

Kva synst du om at parti som er usamde i politikk, blir samde om fordelinga av verv?

Faktaboks

Valteknisk samarbeid er eit samarbeid mellom politiske parti i kommunestyre eller andre samanhengar der ein inngår ein avtale om å samarbeida om sjølve valet, utan at det gjev føringar for samarbeid i andre samanhengar.

Det er vanleg å forhandla seg fram til eit samarbeid når det gjeld val av ordførar i ein kommune. Ordførar blir valt av representantane til kommunestyret. På førehand inngår då parti avtale om samarbeid der andre parti røystar på kandidaten til eit parti. Ofte får vedkomande parti då ein noko tilbake ved at partiet som får ordføraren, hjelper med stemmane sine, slik at partiet med mindre uttelling i valet, likevel kan få eit medlem i formannskapet eller eit av kommunestyret sine komitear, der ein etter eige stemmetal ikkje ville fått uttelling.

Les meir på Wikipedia!