Fleire frivillige etter terrorangrepa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire frivillige etter 22. juli

 Berre Oslo Røde Kors har hatt 600 førespurnader frå folk som ønskjer å vera frivillige etter 22. juli, skriv Vårt Land. For august og hittil i september er talet på nye frivillige 420, mot 330 i same periode i fjor.

Terrorangrepa 22. juli er årsaka, meiner Mona Henriksen, som er leiar for rekruttering og kommunikasjon i Oslo Røde Kors.

– Vi er takksame for at fleire vil vera frivillige hos oss. Vi har hatt stor pågang ikkje berre i dagane rett etter terroren, men også denne månaden. Det viser eit ekte engasjement frå folk, seier ho.

Også Oslo Røde Kors Hjelpekorps har merka stor pågang, det same har Norsk Folkehjelp gjort. Medan Folkehjelpen får rundt 1.500 nye medlemmer kvart år, har medlemsveksten kome opp i 1.000 berre på dei snaue to månadene som har gått sidan 22. juli.

Hos Frivillighet Norge, paraplyorganisasjonen for meir enn 250 frivillige organisasjonar, har dei merka auka pågang frå folk som vil engasjera seg.

– Eg er ikkje i tvil om at det er ein samanheng mellom 22. juli og den aukande viljen hos folk til å engasjera seg. Folk opplevde at dei måtte ta tak, vera aktive og delta i det sivile samfunnet, seier Brekke. (©NPK)