I dag vil 21.000 born døy

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barnedøyinga er på veg ned, men kvar einaste dag i fjor døydde likevel 21.000 barn under fem år, viser nye tal frå FNs barnefond (UNICEF) og Verdsorganisasjonen for helse (WHO).

7,6 millionar barn døydde i 2010 av sjukdommar og årsaker som kunne ha vore førebygde eller behandla.

Dette var 4,4 millionar færre enn for ti år sidan, då så mange som 12 millionar barn i året døydde før dei hadde fylt fem år.

Store forskjellar
I Afrika sør for Sahara døyr framleis kvart åttande barn før det fyller fem år, medan kvart femtande barn aldri får oppleve sin egen femårsdag i Asia. Det er også sør for Sahara det har vore minst utvikling.

I industrilanda var det til samanlikning i fjor eitt av 143 barn som døydde før det fylte fem år.

Dei yngste mest utsett
Rundt halvparten av barnedødsfalla skjer no i dei fem landa India, Nigeria, Kongo, Pakistan og Kina.

Dei aller yngste barna er mest utsette. 40 prosent av barna som døyr før fylte fem år, døyr innan dei første månadene. Over 70 prosent av dei døyr før dei har fylt eitt år.