Palestina kan bli som Vatikanet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar vil president Abbas ha den palestinske staten?

På Vestbreidda og Gaza, med Aust-Jerusalem som hovudstad, innanfor grensene før krigen i 1967.

Korleis stiller Hamas seg til dette?

Hamas har lege lågt, men det har kome utspel som tyder på at dei er kritiske til Abbas og Fatah sitt utspel. Det heng saman med forsoningsprosessen mellom Hamas og Fatah. Abbas kan ikkje søkja om ein stat berre på Vestbreidda. Hamas står under eit visst press til å ikkje vise mykje motstand. Men forsoninga kan slå sprekker, og det er mange ulike synspunkt på søknaden til FN mellom palestinarane.

Kva vil det seie for palestinarane å bli anerkjende som eigen stat?

Abbas søkjer her å endre spelereglane, der Israel hittil har hatt definisjonsmakta. Det kan ha symbolsk verdi å bli sett som ein stat, og støtte i FNs generalforsamling vil vise at omverda støttar ei tostatsløysing. Tanken er at om Palestina er anerkjent som ein stat, vil Israel okkupere ein stat og ikkje berre eit «omstridt område». Dette skal styrke den palestinske posisjonen og auke internasjonalt press på Israel.

Kva FN-land vil stemme for eller mot?

Dersom Abbas legg dette fram for Tryggingsrådet i FN, har Obama sagt at USA vil leggje ned veto der. Dei ønskjer ikkje dette soloutspelet frå palestinarane. EU er splitta, medan Kina og Russland har sagt dei vil støtte det.

Kva vil skje vidare?

Det er truleg at Abbas dermed går til Generalforsamlinga, der minst 120 av 193 land har signalisert si støtte til Palestina. I dag har PLO status som «non member observer entity», og med fleirtal i Generalforsamlinga kan denne bli oppjustert til «non member observer state», slik Vatikanstaten har i dag.

LES SISTE UTANRIKSNYTT HER!

Kva konskvensar får ein status som «non member observer state»?

Det er enno uklart, det kan vere ei trapp vidare, eller det kan stoppe opp der. Med oppjustert status kan Palestina søkje om medlemsskap i WHO, UNESCO og UNICEF. Dei kan føre symboltunge saker i den internasjonale straffedomstolen, til dømes i høve dei israelske busetjingane på Vestbreidda. Men det er uklart korleis FN-systemet vil reagere på dette, og korleis det vil utarte seg i praksis.

Kva konsekvensar kan det få for fredsprosessen i etterkant?

Israel argumenterer med at dette utspelet er eit forsøk på å undergrave staten Israel sin legitimitet, og trugar med å straffe palestinarane økonomisk og med å byggje fleire israelske busetjingar i Jerusalem. USA trugar med å kutte bistandsmidlar. President Abbas har gått ut høgt, og på sett og vis malt seg inn i eit hjørne. Han risikerer ytterlegare tap av legitimitet på heimebane om han ikkje oppnår noko i FN. Det heile har krutt til å tilspisse seg, men det siste no er at Obama prøvar å begrense Israel sine trugsmål.

Kvifor er dette ei konflikt som engasjerer så mange?

Konflikta appellerer på mange plan. Det er drama på menneskeleg, religiøst og diplomatisk nivå. Det er snakk om rettferd, urett og store kontrastar. Den utspelar seg i eit bibelandskap mange har kulturell og religiøs tilknyting til. Konflikta foregår på mikronivå, og handlar om centimeter på bakken, samstundes som det er stormaktspolitikk. Den har ei samansetjing som appellerer til media; ei suppe av religion, politikk og terror, som skaper store overskrifter.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

KJERSTI GRAVELSÆTER BERG
– Stipendiat på Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitenskap ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen.
– Har mellom anna forska på Palestinakonflikta, palestinske flyktningar,flyktningleirar, statsbygging og fredsforhandlingar, FN og sivilt samfunn, Jerusalem, og vassressursar og Palestinakonflikta