Kraftig mobilisering i fleire av kommunane med stemmerett for 16-åringar. – Overraskande mange, seier forskar.

mm

– Fy søren, eg er kjempenøgd! seier Natalie Lillebråten (16). Ho har vore demokratiagent i Vågå, og er nøgd med at ungdommen har vore flinkare til å stemma enn resten av befolkninga i kommunen. 71 prosent av 16- og 17-åringane nytta røysteretten.

20 kommunar har hatt forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar i kommunestyrevalet. 17 av kommunane har hatt ein samla auke i valdeltakinga etter at alle stemmene er talt opp.

Fleire av ungdommane i Vågå var samla bowlingen på valvake i går kveld. Det var stor stemning, med direktesending på tv frå NRK Oppland.

– Me tippa kring 60 prosent, men at det skulle bli over 70 prosent hadde eg ikkje trudd, seier Lillebråten.

– Overraskande høge tal
I dei 20 kommunane som er med i forsøket med stemmerett, er det 57,4 prosent av ungdommane som brukte stemmeretten sin. Luster er kommunen med flest ungdommar som røysta. 82 prosent av 16- og 17-åringane røysta her. I den største kommunen som var med i forsøket, Stavanger, er ungdommen like flinke som resten av siddisane etter at 99,9 prosent av røystene er talt opp. (Sjå tabell nedst i artikkelen!)

Austevoll er ein av kommunane der valdeltakinga har gått ned samla sett. 55 prosent av 16- og 17-åringane deltok her, noko som er færre enn resten av austevollingane.

– Det er litt lågt. Eg hadde trudd dei skulle ha høgare enn befolkninga elles, seier ordførar Helge Andre Njåstad (FrP).

Valforskar Jacob Aars ved Rokkansenteret skal evaluera stemmerettsforsøket. Han seier han forventa lågare tal for 16- og 17-åringane enn befolkninga elles.

– Dette er overraskande høge tal, seier han til tala som Framtida.no har henta inn frå kommunane.

Han trur Utøya og forsøket i seg sjølv kan ha skapt meir merksemd om valet, og slik bidrege til auka valdeltaking for ungdommane.

Guro Ødegård, forskar ved Institutt for Samfunnsforskning, skal også evaluera forsøket. Ho meiner også dette er høge tal. Det føyer seg inn i mønsteret om at 16- og 17-åringar er i ein meir stabil livsfase, noko som gjer at dei deltek oftare i val, meiner ho.

– Hadde me ikkje hatt Utøya, hadde det vore svært høge tal, seier ho. 33 prosent av dei førstegangsrøystande ved sist kommuneval nytta stemmeretten. Ødegård er spent på å sjå kor mange av dei ordinære førstegangsrøystande som røysta dette valet, for å sjå om mange blei mobilisert etter 22. juli-åtaka.

Forventar utviding
– Forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar har gjeve 9.300 ungdomar i 20 kommunar pluss Longyearbyen høvet til å påverke viktige lokale saker på heimstadene sine. Det blir urettferdig og meiningslaust å ta ifrå denne aldersgruppa det same høvet i 2015. Etter alle løfta vi har høyrt den siste tida om meir demokrati, kan ikkje politikarane no innskrenke demokratiet igjen, sa leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Gunhild Grande Stærk i går til Framtida.no.

LES OGSÅ: Meir positiv til røysterett for 16-åringar

Inga rekorddeltaking
Ikkje sidan 1991 har valdeltakinga vore høgare i kommunevalet. Men mange er likevel ikkje så imponert over ein frammøteprosent på 63,6 prosent, etter dei kraftige oppmodingane om å bruka stemmeretten etter 22. juli-åtaka.

Tysfjord har størst samla oppgang, medan både Luster, Hamar, Grimstad og Hammerfest og fleire andre kommunar har ein samla auke i oppslutnaden som er større enn landssnittet.


Slik er valdeltakinga i kommunane med stemmerett for 16-åringar:

Kommune:    Oppmøte totalt:   Framgang:   16-17 år:
Tysfjord:         76,1 %                    +7,8 %            59 %
Osen:             73,3 %                    +2,5 %             58,6 %
Luster:           73,1 %                     +3 %                82 %
Austevoll:      72,8 %                    +0,1 %              55 %  
Porsgrunn:    61,0 %                   +1,5 %               51,8 %
Vågå:              66,9 %                   +4,4                  71,3 %
Hamar:           66,3 %                  +3,2 %               59,9 %
Gjesdal:         65 %                      +1,1 %              54,7 %
Marker:           64,4 %                  +2 %                 74,1 %
Namdalseid:  64,3 %                  -1,5 %               68,9 %
Kautokeino:   64,2 %                  +2,5 %              59,1 %
Lørenskog:    63,6 %                  +1,8 %               55 %
Sigdal:           62,2 %                   -1,6                    62 %
Kåfjord:          61,9 %                  – 0,3 %               65,4 %
Re:                  63,2 %                  +1,0 %               45,3 %
Grimstad:      61,6 %                   +3,9 %               59,5 %
Mandal:          61,2 %                  +0,2 %                59,2 %
Hammerfest: 55,4 %                  +4,3 %               44,8 %
Stavanger*:     61,5 %                +2,2 %               61,5 %
Ålesund:         59,1 %                 +1,8%                47,9 %

* I Stavanger er 99,9 prosent av røystene talt opp. I dei andre kommunane er no alle stemmene talt opp, ifølgje valgresultat.no.

Lokalstyret i Longyearbyen har også forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar, men der er det ikkje val før 9. til 10. oktober.

DEBATT: Bør alle 16-åringar få stemmerett?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31
ANNONSE