Der gult er kult

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Der gult er kult

– Det er lite fordommar mot oss her på Sørlandet, seier Eivind Haaland (24), fylkessekretær og 1. nestleiar i KrFU Vest-Agder.

Etter valet på måndag blei KrF det tredje mest populære partiet både i fylkestingsvalet i Vest-Agder og i bystyret i Kristiansand, med høvesvis 18,9 og 16,5 prosent oppslutning. Det er tre gonger så god oppslutning som KrF fekk i snitt på landsbasis, 5,6 prosent.

LES MEIR: Slik gjekk det i valet

Eivind Haaland sikra seg med det plass i bystyret i Kristiansand, som 3. kandidat på KrF-lista. Han trur KrF dreg så mange stemmer i sør fordi partiet tidlegare har vist veljarane i området kva dei kan få til.

– At KrF har solid feste på Sørlandet kan også kome av at mange kjenner nokon som er med i partiet og veit kva dei står for, meiner Haaland, og slår smilande fast:

– Det er veldig mange som har ein far, ei mor eller ei bestemor som er med i KrF.

Ideelt for unge
– Her i fylket ser også ungdom på KrF som eit meir relevant parti enn i ein del andre fylke. Det handlar nok om at veljarane ser resultata av kva vi kan få til med politikken vår berre vi er store nok, seier Haaland.

Han meiner at ei av hjertesakene til KrF gjer det heilt perfekt for ungdom å stemme på partiet hans.

– Vi i KrF støttar opp om ungdomsorganisasjonar, vi støttar frivillig arbeid der ungdom, engasjerer seg og gjer positive ting saman.

LES MEIR: – Frivillige blir kvelt av byråkrati.

– Sentrumspartia druknar i debatt
I valkampvekene har KrfU, som dei andre ungdomspartia, stått på valtorg på vidaregåande skular. Haaland er glad for å ha fått sjansen til å møte dei som kjem innom standen.

– Når ein står på stand får ein snakke skikkeleg med folk og servert ein meir heilskapleg politikk. Då kan vi også avkrefte ein del fordommar, til dømes får vi avklart at vi meiner at homofile er like mykje verdt som alle andre. I ein skuledebatt blir alt så showprega, med mykje dritslenging som gjerne ikkje er sann, fortel han.

LES MEIR: Vervar fleire tusen på valtorg

Haaland er klår på at som sentrumsparti kan det vere ein fordel å heller treffe veljarar på stand enn gjennom debatt.

– I ein debatt er det er lettare for ytterpunkta å bli høyrde, men vanskelegare for eit sentrumsparti som oss.