På tide å bestemme seg

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når alle vil så mykje av det same, så går det mykje på person, fortel Marita Kvalsvik(17), Gunn Beathe Halveg(17) og Kine Kvam Fjøsne (18), som er fyrstegongsveljarar i Luster. Kommunen er kraftkommune, fjordkommune – og ei av 20 i forsøksordninga med røysterett for 16- og 17 åringar.

Heilt topp
Ting går bra i Luster. Kommunen kom på fjerdeplass i Dagbladet si kåring over dei beste skulane i landet. Og nå bygger den eit nytt badeland i Gaupne.

– Vi har det i grunnen heilt topp. Det er veldig bra med fritidstilbod, og ungdom har mykje å seie i kommunen vår. Det einaste som er fælt er kollektivtilbodet, men det vil jo alle forbetre, så det vert heller ingen viktig sak i valkampen. Derfor vert det i stor grad eit personval, der ordførarkandidatane har veldig mykje å seie, fortel jentene.

Nytt engasjement
– Vi høyrer mykje på unge politikarar, dei rekk meir fram til oss. Så skulle vi ynskje alle paria hadde vore endå flinkare til å putte unge folk på listene sine, seier jentene.

For å auke engasjementet blant fyrstegongsveljarane, arrangerte ungdomens kommunestyre, ein ungdomspoltisk dag. Der fekk dei unge veljarane mellom anna vitjing av barneombod Reidar Hjermann, og dei fekk møte alle dei politiske partia.

I utakt
Marita og Gunn Beathe er to, av dei om lag 9400 16- og 17 åringane, som skal delta i prøveordninga ved haustens kommuneval.

– Dei fleste er veldig positive, og vi har ikkje møtt nokre negative reaksjonar. Kanskje nokre er litt likegyldige berre, fortel dei.

LES OGSÅ: Dette er dei viktigaste ungdomssakene

På landsbasis er folk derimot ikkje like positive. I ei ny undersøking Respons Analyse har utført for Aftenposten, er 55 prosent negative til røysterett for 16-åringar. Også ungdommane sjølve er skeptiske, ifølgje ei undersøking meiner tre av fire ungdommar mellom 15 og 25 år at 16-åringar ikkje er modne nok til å røyste ved val.

Samfunnshuset
– Eg er ganske sikker på kva parti eg skal røyste på, men valgomaten eg prøvde stemte ikkje heilt, fortel Kine.

Marita og Kine veit foreløpig slik ca kva dei skal stemme. Likevel har dei enno litt tid å bestemme seg endeleg på.

Alle jentene er heilt klare på kvar dei vil bruke røysteretten:

– Me vil røyste i Luster samfunnshus på valdagen 12. september, avsluttar fyrstegongsveljarane.

SJÅ KVA UNGDOMSPOLITIKARAR SVARAR OM MILJØET!

SJÅ KVA UNGDOMSPOLITIKARAR SVARAR OM SKULEN!