– Ingen veg tilbake for 16-årig stemmerett
– Når vi no først har utvida demokratiet kan vi ikkje innskrenke det igjen, meiner leiar i LNU, Gunhild Grande Stærk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ingen veg tilbake for 16-årig stemme- rett
– Forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar har gjeve 9.300 ungdomar i 20 kommunar pluss Longyearbyen høvet til å påverke viktige lokale saker på heimstadene sine. Det blir urettferdig og meiningslaust å ta ifrå denne aldersgruppa det same høvet i 2015. Etter alle løfta vi har høyrt den siste tida om meir demokrati, kan ikkje politikarane no innskrenke demokratiet igjen, seier leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Gunhild Grande Stærk i ei pressemelding.
LNU har jobba lenge for å få til eit forsøk med stemmerett for 16-åringar, og ser på årets valdag som ein historisk dag for det norske demokratiet.
– No er tida inne for innføring av allmenn stemmerett for 16- og 17-åringar ved kommune- og fylkestingsvalget i 2015, uavhengig av kva valdeltakinga i årets val blir, seier Stærk.
LNU stiller seg spørjande til at fleire politikarar har uttalt at eit ”vellukka forsøk” er avgjerande for i kva grad dei vil gå inn for allmenn røysterett for 16-åringar etter valet.
– Kva skal vere definisjonen på eit ”vellukka forsøk”? Viss valdeltakinga skal vere kriteriet for om forsøket er vellukka, så har vi svaret før stemmane er talt opp. For sjølv om berre éin 16- eller 17-åring stemmer så inneber uansett det meir demokrati, sidan ingen 16- eller 17-åringar stemte ved valet for fire år sidan, seier LNU-leiaren.
Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?