Opne stillingar gir suksess

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi vil alltid vere på jakt etter ingeniørar, det er jo hovudfeltet vårt, men vi ser òg at vi har ein stor fordel med å tilsetje folk med samfunnsvitskapeleg bakgrunn, fortel Trude Kremner, organisasjonskonsulent og traineekontakt i BKK.

Studvest har tidlegare skrive om at dei fleste traineestillingane er berekna på siviløkonomar og ingeniørar. BKK er ei av bedriftene som torer å satse på andre fagbakgrunnar òg.

– Vi er veldig stolte over å få vere med på programmet til Trainee Vest, seier Kremner.

Utvidar kompetansen i bedrifta
Erika Skarbø har bachelor i organisasjonspsykologi frå Universitetet i Bergen, og byrja i haust som HMS- (helse, miljø og sikkerheit) trainee hos BKK. Ho trur ho vil få bruk for graden i stillinga.

– Eg føler bakgrunnen min er relevant, og at eg tilfører ny kompetanse som dei kanskje ikkje har hatt tidlegare. Likevel treng eg nok litt opplæring på den konkrete HMS-delen. seier Skarbø.

– No har eg berre jobba her tre veker, men framover skal eg jobbe ein del med kampanjar, og etterkvart håpar eg at eg blir ein naturleg del av kvardagen deira, seier Skarbø.

Ho fortel at det var skummelt å kome inn i ei slik bedrift, men skryt av inkluderingsprosessen.

– Eg er jo på eit heilt anna fagfelt enn den typiske ingeniøren, men eg må berre hoppe i det, seier Skarbø.  Kremner meiner det er ein fordel å ha ei alternativ og blanda samansetjing av fagkompetanse.

– Eg trur vi tener på å få eit større spenn i kompetansen vår. I tillegg vil jo tal og type stillingar variere frå år til år, fortel Kremner.

Store moglegheiter
Eivind Olsvik, prosjektleiar i Trainee Vest, meiner humanistar og samfunnsvitarar er ei gullgruve for mange bedrifter, uansett bransje.

– Å kunne ha ein språkvitar som kan briljere med godt språk, skrive for nett og lage brosjyrer må jo vere ypparleg for marknadsføringa for ei bedrift. Men studentane må ofte fortelje arbeidsgjevar at deira kunnskap trengst i bedrifta, seier Olsvik.  Han meiner ei traineestilling er ein god måte å få ein fot innanfor ei bedrift, og Skarbø er einig.

– Det er ingen lovnad om fast tilsetjing etter eit traineeår, men ei slik stilling er jo ein ypparleg sjanse for arbeidsgjevar til å forme ein arbeidstakar bedrifta vil ha nytte av, seier ho.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

KVA ER EIT TRAINEEPROGRAM?

Ein trainee skal lære ei verksemd å kjenne gjennom å jobbe kortare periodar på ulike avdelingar.

Dei fleste traineeprogram strekkjer seg frå 12 til 24 månadar. Inkludert i programmet er tett oppfølging med kontinuerlege samlingar, personleg mentor og eit sikkert framtidig karriereløp.

Kjelde: Karrieresenteret