Regjeringa seier ja til OL for ungdom i 2016.

mm
Faktaboks

Det blir arrangert både vinter- og sommar-OL for ungdom. Les meir på Wikipedia (bokmål) og på engelsk!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Regjeringa har avgjort at vi skal arrangere ungdoms-OL i 2016 her på Lillehammer, Gjøvik, Øyer og Hamar. Det blir eit stort og viktig arrangement og eit betydeleg løft for ungdomsidretten, sa statsminister Jens Stoltenberg då han besøkte Lillehammer laurdag.

Statsministeren la vekt på at Noregs idrettsforbund og Lillehammer kommune har levert ein god, robust og gjennomførbar søknad.

– Etter ein lang og god dialog med idretten er vi samde om rammene og kva som skal vere tilskota til staten. Det statlege tilskottet på 232 millionar kroner meiner eg er ein sum som gjev oss veldig mykje tilbake. I tillegg gjev vi ein total garanti på over 400 millionar kroner, sa Stoltenberg.

Gjev nye studentbustader
Kulturminister Anniken Huitfeldt påpekte viktigheita av den økonomiske avtala Noregs idrettsforbund har gjort med IOC.

– NIF har framforhandla ei avtale med IOC der det blir tilført totalt 140 millionar kroner til arrangementet, som i stor grad skal nyttast til å byggja studentbustader som det er behov for på Lillehammer, seier kulturministeren.

Løft for ungdomsidretten
Generealsrektrær i Idrettsforbundet, Inge Andersen, seier at ungdoms-OL skal setjast inn i eit tiårig løft for ungdomsidretten totalt sett.

– Noregs idrettsforbund vil prioritere utdanning av unge trenarar, leiarar og satse på å byggje ein ny ung frivilligheitsgenerasjon. I tillegg skal vi bruke dette høvet til å gjere ei prioritert satsing for morgondagens toppidrettsutøvarar. Det vil vere eit overordna mål at heile Noreg og alle idrettane skal bli ein del av dette ungdomsløftet i norsk idrett, seier ein særs nøgd Inge Andersen til idrett.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE