Dan von Helvete

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV-hausten er i full gang, og det er mykje å glede seg over for både liten og stor.

Den gamle klassikaren «Big Brother» er tilbake, som eit slags «Husker du» for reality-generasjonen.

Den gamle klassikaren «Idol» er tilbake, denne gongen med sjølvaste Hank von Helvete i dommarpanelet.

Den gamle klassikaren «Fangene på fortet» er tilbake, igjen. Der får du eit gjensyn med alle dei som var med i «4 stjerners middag» før sommaren, og får vite om dei kler shorts og er redde for edderkoppar.

Det er val i år, og dei gamle klassikarane folkemøte og valsendingar er tilbake på fleire kanalar. Innimellom alle debattane om eldreomsorg, blir kvinnelige partileiarar med lyst hår spurde om dei ikkje snart har tenkt å trekke seg tilbake frå politikken, flytte på landet, låse døra og halde kjeft no som dei har gjort det dårlig på minst to meiningsmålingar.

På NRK vender den gamle klassikaren Dan Børge Akerø snart tilbake, med eit prgram oppkalla etter seg sjølv.

TV-hausten vil naturligvis også bli prega av den gamle klassikaren «EM-kvalifisering i fotball», med den gamle klassikaren Egil «Drillo» Olsen som eit godt eksempel på god eldreomsorg.

Det er også nokre få nyvinningar å sjå denne tv-hausten. Dei fleste av dei liknar mistenkelig på «Jakten på kjærligheten». Men det har også vore eit program der Hank von Helvete fortel at livet blir betre.

Vi kan no avsløre at det blir gjensyn med endå fleire gamle tv-klassikarar utover hausten.

På NRK gjer den gamle klassikaren «Fjernsynsteatret» snart comeback. Første forestilling blir «Eldreomsorg» av og med Hank von Helvete.

Deretter følgjer den ordlause tsjekkoslovakiske svart-kvitt-produksjonen «Hank».

For den gamle klassikaren Tsjekkoslovakia kjem også tilbake i haust, faktisk.

Det blir også ein ny sesong med den gamle barne-tv-klassikaren «Leikestove» i haust. Den nye utgåva av programmet opnar med desse orda: «Her er eit hus. Her er ei dør. Her er programleiar Hank von Helvete.»

Elles kan barn og unge glede seg til nyinnspelinga av den gamle klassikaren «Ante», med Hank von Helvete i rolla som den samiske gladguten.

Og ikkje minst blir det endelig ein ny runde med det gamle klassiske ungdomsprogrammet «Halvsju», der programleiar Hank von Helvete sitt i ein saccosekk og drøftar tema som dagens ungdom er opptatt av. I det første programmet handlar det om eldreomsorg. Det andre programmet, med tittelen «Livet etterpå», sett kritisk søkelys på reality-trenden. Hank møter pensjonerte idrettsutøvarar som har vore med i både «Mesternes mester», «Fangene på fortet» og «4 stjerners middag» og spør «Kva no?»

Ein annan gammal NRK-klassikar som kjem tilbake er «Husker du», denne gongen eit «Husker du» for reality-generasjonen. I første program snakkar programleiar Hank von Helvete med ein gammal og sliten edderkopp som var med i den aller første sesongen av «Fangene på fortet». Det er grunn til å tru at dei to vil komme inn på tema som fangar, fort, gamle dagar og eldreomsorg.

Valsendingane held naturligvis fram på alle kanalar. Klimakset blir partileiardebatten. I år handlar debatten om eldreomsorg. Programleiarar er Nina Owing, Dan Børge Akerø og Hank von Helvete, og debatten har namnet «ValDan i Helvete 2011».

Men det blir også debattar om anna enn eldreomsorg i tida fram til valet. Både NRK og TV2 har planlagt store debattar om kvinnelige partileiarar med lyst hår som ikkje trekker seg tilbake frå politikken, flyttar på landet, låser dørene og held kjeft.

Det er også planlagt ein større debatt om kultur, der hovudspørsmålet blir: «TV-hausten er full av gamle klassikarar. Viser ikkje dette at folk berre er opptatte av gamle ting, og at det derfor er poenglaust å diskutere kultur når vi kunne ha diskutert eldreomsorg?» Denne debatten blir trulig avlyst, då det har vist seg svært vanskelig å finne ein dag då Hank von Helvete er ledig.

Seinare i haust kjem også semifinalane i «Idol», der publikum avgjer. I haust skal det konkurrerast i følgjande kategoriar: «Norsk musikk», «90-talsmusikk», «Filmmusikk», «Eldreomsorg», «Hank von Helvetes musikk» og «Musikk frå gamle klassikarar som kjem tilbake på tv i haust».

Det er berre å glede seg. Eller, for å seie det som dei gjerne sa det i klassikarane på tv i gamle dagar: «Ha det bra».

Denne kommentaren stod først på trykk i Aftenposten 3. september.