Hurra! Framtida er 1 år!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. september 2010 starta Framtida.no. Sidan starten har debatt- og nyhendeavisa for unge hatt over 140.000 unike brukarar innom nettsidene sine. Nettstaden har opplevd vekst sidan starten, og har dei siste vekene hatt kring 10.000 unike brukarar i veka.

Framtida.no har satsa tungt på å dekkja lokalvalet, og har opplevd stor interesse for det me skriv om. Valgomaten vår, som er den første i Noreg på nynorsk, har blitt veldig mykje brukt.

LES OGSÅ:
Jublar for Framtida

Styrka redaksjonelt
Etter å ha fått støtte frå Vinjefondet ved nyttår, tilsette Framtida.no to reisande journalistar i deltidsstillingar i vår for å setja søkjelys på kva ungdom er opptatt av før valet. Akkurat no er dei reisande journalistane Andrea Øien Sæverud og Marit Lajord høvesvis i Kristiansand og Sogn for å laga reportasjar.

I tillegg til eigne saker har Framtida.no avtale med 11 lokalaviser, Dag og Tid, Magasinett, LNK.no og studentavisene i Oslo, Bergen og Trondheim, som gjev avisa tilgang på mykje godt lesestoff. I juli byrja Framtida.no dessutan å abonnera på nyhende frå Nynorsk pressekontor, noko som gjer at me kan presentera endå fleire nyhende til lesarane våre.

Samarbeid
Samarbeidet med Landslaget for lokalaviser sette Framtida.no på sporet av den nest mest leste saka vår, ei sak som skapte stor debatt sist veke – også i riksmedia.

– Fleire av sakene våre har spreidd seg i sosiale media, og me ser òg at sakene våre har skapt overskrifter i andre media. Det viser at me klarar å nå gjennom med journalistikken vår, seier Svein Olav B. Langåker, prosjektleiar for Framtida.no.

Også kommentarartiklane våre er godt lese. Både Are Kalvø og ein kronikk frå Yousef Shamari er inne på 20 på topp-lista:

Desse artiklane er mest lese det siste året:

20. Bilen må ta rattet frå menneska

19. Norsktimar utanom det vanlege

18. Om Maria og Josef var på Facebook

17. Dette er Noregs viktigaste oppfinning

16. Her er Noregs beste ungdomsskule

15. Sosiale nettverk først oppdaga i Noreg

14. Bygda er det nye Grünerløkka

13. – Lytt til bussekspertane

12. – Tilbakeståande bavianskalle

11. Ville ikkje ha Siv Jensen backstage

10. Kysseforbod på skulen

9. Må grava opp Ivar Aasen (aprilspøk)

8. Merkelege greier

7. Reagerer kraftig på omsetjing

6. Ting du ikkje bør seie i ferien

5. Wikipedia bryt andsverklova

4. Tente ein halv million for mykje

3. Hva betyr det lille røde passet?

2. Aarebrot om veljarar: Ekle, egoistiske bandittar

1. Gruppearbeid er ein katastrofe

Har du tips til korleis me kan bli endå betre? Er det noko du kan tenkja deg meir eller mindre av? Del tankane dine i kommentarfeltet!

Faktaboks

Framtida.no er eit samarbeid mellom ABC Startsiden, Landslaget for lokalaviser og Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Kulturdepartementet, Mot til å meina, Magasinett og Pirion støttar òg prosjektet.

Les meir om Framtida.no her!