Teaterturne med «Få meg på»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vel ein månad etter at filmen «Få meg på for faen» hadde premiere på norske kinoar, vert teaterstykket med same namn sett opp i heimfylket til Olaug Nilssen. Deretter blir det turne både i Sogn og Fjordane og Hordaland.

– I motsetnad til filmen, som berre følgjer ein av jentene i romanen til Olaug Nilssen, tek teaterframsyninga for seg alle dei tre hovudpersonane i boka, seier sals- og informasjonssjef Leila Øvreseth i Sogn og Fjordane teater til Nynorsk pressekontor.

Ho ser det ikkje som nokon konflikt i at teateret set opp framsyninga like etter at historia har gått på kino.

– Nei, snarare tvert imot. Filmen er med på å gjera både boka og teaterframsyninga meir kjent, seier Øvreseth.

Framsyninga har premiere i Førdehuset torsdag 22. september. Deretter legg framsyninga ut på turne i Sogn og Fjordane frå 23. september til 21. oktober. I tillegg til framsyningar om kvelden, blir det skuleframsyningar for andre året på vidaregåande skular på dagtid. Det siste er eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken.

I Sogn og Fjordane skal framsyninga innom desse stoppestadene: Førdehuset, Dale, Måløy, Svelgen, Stryn, Sandane, Flora, Bremanger, Lærdal, Balestrand, Brekke, Sogndal og Årdal.

Frå 24. oktober til 30. november blir det turne i Hordaland i samarbeid med Hordaland teater. Her blir det lagt meir vekt på skuleframsyningar. Turnelista er enno ikkje heilt ferdig, men alt no er det klart at det blir skuleframsyningar på Voss, i Øystese, på Bømlo, Austevoll og på Husnes.

Dessutan blir det opne framsyningar i Stord kulturhus og Fana kulturhus. (©NPK)