Framleis liv laga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lottobygda kallar dei seg, lårdølane som fekk to millionar mellom hendene for å utvikle bygda si og «vekke ho frå dvalen», som Sylvi Berg Holene i fylkeskommunen uttrykte det.
Berg Holene, Anja K. S. Hjelseth frå Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og ordførar Olav Urbø i Tokke representerte dei tri instansane som har finansiert det nesten fire år lange prosjektet, og uttrykte alle at dei var imponerte over initiativet og den massive dugnadsinnsatsen bygdefolket har vist til no.

– Men me veit at jobben så vidt har starta, understreka næringssjef Nils Gjerde, som i seg sjølv var ei viktig årsak til at prosjektet i det heile tatt blei noko.

Marknadsføringstriks
Karl Torstein Hetland har vore prosjektleiar den siste perioden. Han presenterte alle delprosjekta i Lårdal Liv Laga – både dei som blei vellukka og dei som ikkje blei så mykje av.

Prosjektet som har fått mest omtale er turstigen dei sjølve omtalar som «tøffare enn Besseggen». Den samanlikninga er ikkje tilfeldig.

– Poenget var at folk skal få opp Lårdalsstigen når dei søkjer på Besseggen på nettet, gliste Hetland lurt då han presenterte prosjekta dei har fått ut av dei to millionane.

I mai 2008 opna Lårdalsstigen, og den litt ville ideen om å lage ein sti som ikkje fanst hadde dermed blitt ein realitet.

– Stigen er eit resultat av ein enkel idé, litt galskap og mykje viljestyrke, og prosjektet blir no bruka i marknadsføringa til Innovasjon Noreg, kytte ordførar Urbø, som vedgjekk at han har desertert i Støylsdalen og aldri gått heile den krevjande løypa dei gongene han har vore med.

Vegen vidare
Både Urbø og fleire andre understreka kor viktig det er å ikkje lene seg tilbake no som den offisielle delen av prosjektet er avslutta og talet på barn i barnehagen har auka sidan nedleggingsdebatten i 2003. Næringssjef Gjerde lova meir pengestøtte frå kommunen til ulike prosjekt i

Lårdal, for at den gode utviklinga skal halde seg.

– Ein må arbeide vidare for å sikre det gode oppvekstmiljøet. Det å få ungar er lett, men det å gje dei ein god oppvekst er vanskeleg, sa Gjerde.

Satsa på ungdomen
For å sikre ein god oppvekst er noko av det viktigaste å leggje til rette for at ungdomane skal ha ein stad å vere og drive med ting. Her ligg Lårdal langt framom dei fleste andre bygder i vestfylket. Rundt halvparten av prosjektmidlane og over 1.800 dugnadstimar er lagt ned i å få i stand eit ungdomshus.

Eit stort opphaldsrom med sofaer, bordtennis og biljardbord, flott kjøken, kinosal/spelerom med plass til 36 personar og eit nytt trimrom er stelt i stand.

– Systemet er basert på tillit. Har ein med seg ein person over 15, får ein utlevert nøkkel. Det er ikkje slik at det må vere vaksne til stades. Det har fungert veldig fint her, fortalde Jan Rune Fosstveit og Anne Karen Lundeberg, som har vore og framleis er hovuddrivkreftene i ungdomshussatsinga.

– Utfordringa framover blir å sikre midlar til vidare drift. Det vil alltid vere noko som kostar pengar, understreka dei to eldsjelene.

Det var også dette med pengar ungdommen sjølve var opptekne av.

– Ungdomshuset er avhengig av midlar for at me skal kunne halde det ope. Får me det, spurte ungdomane Stein Kåre L. Fosstveit og Chris Andre Djuvet då dei møtte ordføraren laurdag.

– Eg kan ikkje love noko på vegne av dei som tek over etter meg, men eg vil tru dei kjem til å arbeide for det, sa ordføraren.

Dersom politikarane held det dei har lova så langt i valkampen, vil ungdomshuset nok få pengane dei treng for å halde fram drifta. «Me vil satse på ungdomen» er eit omkved frå dei fleste partia, så då vil det vise seg om denne viljen er sterk nok når makta er fordelt.

– Det er dette som er å satse på ungdomen, understreka Jan Rune Fosstveit og Anne Karen Lundeberg.

Lårdal Liv Laga
– Småsamfunnsprosjekt 2007-2011, som fekk til saman to millionar i støtte frå kommunen, fylkeskommunen og staten (KRD).

– Mange av underprosjekta har vore vellukka: Ungdomshuset, Lårdalsstigen og NM i kaste på stikka har alle blitt svært populære tiltak. Vassfronten mot Bandak er rusta opp og framstår no som innbydande og lett å legge til ved. Området ved brygga har fått sandvolleyballbane, nytt leikeapparat og grillområde med mange sitjeplassar. Bakkestrondi er også pussa opp. Ei eiga kulturlandskapsgruppe har arbeidd med å opne landskapet ved å rydde skog og gjere det om til beite.

– Ein enorm dugnadsinnsats frå bygdefolket har gjort at det har vore mogleg å gjennomføre prosjekta.

Prosjekt som kjem, prosjekt som går
Ikkje før er bygdemobiliseringsprosjektet Lårdal Liv Laga avslutta, før Dalen har fått Dalen+ prosjektet i gang. Det handlar i stor grad om å skape sosiale møtestader.

– Dalen + er eit prosjekt med få fysiske investeringar som kantstein og lysmaster. Me ynskjer å skape trivelege møtestader, og me er i fyrste omgang ute etter å gjere Dalen attraktiv for dei yngre. Det skal me klare mellom anna gjennom å utveksle elevar i den vidaregåande skulen med Grenland. Den aller viktigaste målgruppa vår er jenter i alderen 18-35 år. Det blir nemleg fødd for få borna på Dalen, innleia næringssjef og konstituert kultur- og oppvekstsjef Nils Gjerde, då prosjektet fekk overrekt midlar frå Anja Hjelset, politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) laurdag.

Gjere seg attraktiv
Dalen + er eit prosjekt i bulystsatsinga til den raudgrøne regjeringa. Føremålet er å gjere distriktskommunane meir attraktive å busette seg i, og det skal også stø opp om lokal utviklingskraft og vidareføre eit samarbeid om det regionale utviklingsarbeidet. Satsingsområda i 2011 er mellom anna integrering, kulturbasert stad- og næringsutvikling, utviklingsprosjekt retta mot ungdom og omdømearbeid.

Tidlegare har prosjektet fått 625.000 kroner i stønad frå Telemark fylkeskommune, og laurdag hadde Hjelset med seg ein sjekk på 500.000 kroner frå KRD.

– I fjor var fyrste gong me delte ut midlar til bulystprosjekt. Telemark har gjort ein svært god jobb i år, og det har kome mange gode søknader om deltaking i prosjektet. Det er slik at kommunane må søkje, og så er det i stor grad opp til fylkeskommunane å avgjere og prioritere søknadane. Søknaden frå Tokke var veldig god og planen om å skape sosiale møtestader er veldig bra. Det var ein brei søknad der kommunen ynskjer å jobbe på fleire felt, og verkemidla var også spanande, sa Hjelset.

– Godt forankra
– Denne søknaden saman med mange andre er godt forankra i prosjektet. Ofte blir slike prosjekt meir enn det ein tenkte i utgangspunktet. Frå fylkeskommunen kjem me til å halde ein paraply over prosjekta og me vil også tilby nettverket me har til disposisjon, sa Sylvi Berg Holene frå Telemark fylkeskommune (TFK).

Prosjektet hadde i utgangspunktet ei kostnadsramme på 2.800.000 kroner. Med ein berekna dugnadsinnsats på 400.000, stønad frå TFK på 625.000 og 500.000 frå KRD, står det att å finansiere 1.275.000 kroner for Tokke kommune.

– Telemarkforsking gjorde ei undersøking som viste at det er stor trong for uformelle møtestader for dei unge. Tokke og Dalen var ein av stadene på den lista. Derfor er dette eit positivt prosjekt me no tek fatt på, kommenterte Thor Arne Heggtveit, leiar i kultur- og oppvekstutvalet i Tokke.

– Eg gler meg til å sjå kva resultat Dalen klarer å få til i dette viktige prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!