Ingen normalisert person

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingen normal- isert person

Det handlar om å satse på det ein elskar. For Sivert var det folkemusikken.  Det er den Sivert investerar tida i, og som fylgjer han gjennom tilværet.

Investerar i øving
I dag er Sivert elev ved folkemusikklinja på Vinstra. Hardingfele starta han med som 7-åring, men det var i 13-14 års alderen han verkeleg byrja å øve.

– Eg var på konsert med Hemsing-systrene rundt juletider, skjønte kor god det går an å bli, og så øvde eg heile romjula.

Sidan har Sivert øvd. Han set pris på det å stå fast og føle seg utilstrekkelig, eller kanskje er det kjensla når ein får det til etter å ha følte det slik.

– Det er viktig å ikkje gjere ting halvferdig, og det er ein fin ting å investere så mykje krefter i noko. Og det trur eg gjeld uansett kva ein driv med. Det er utruleg fint å ha sin greie, om det er musikk eller idrett.

Men det kostar.

– Ein vert mentalt sliten av å bruke all tid på øving. Derfor er det viktig å gjere andre ting som å trene, og elles ha det bra med seg sjølv.

Diskusjonane
Mange tykkjer folkemusikk er litt sært, og har ein fordom eller fem mot sjangeren.  

– Folkemusikk er ein sjanger som krev litt, som er noko folk må sette seg litt inn i, kanskje litt på same måte som med jazz.

Sivert trur miljøet kan verte endå flinkare, når det kjem til formidlingsbiten av folkemusikken. Han trur for eksempel mange dyktige folkemusikarar ikkje når ut til eit stort nok publikum.

Samstundes skal ikkje publikum alltid vera for stort.  

– Eg likar ikkje kulturhus, for dei skaper for mykje distanse mellom publikum og utøvarar. Helst skal ein vera heilt innpå publikum, mest slik at ein kjenner spyttedropane i andletet, flirer Sivert.

Identitetslaus
Sivert meiner han byrja livet som særing som 14-15 åring, og det har han på sett og vis halde fram med.

– Eg er kanskje litt oppteken av å skilje meg ut i mengda, og ikkje vera identitetslaus. Og folkemusikken har vorte ein stor del av livet mitt, fortel Sivert.

Han trur ikkje folk har vondt av press og det å verte stilt krav til som personar, han trur tvert om dei treng det for å vakse. Sjølv vert han målt opp mot venene sine på musikklinja heile tida, der mange har ein draum om å leve av musikken.

– Det er berre dei beste som lukkast med det å leve av musikken. Ein lyt gjera ting unikt, og har eit heilt eige uttrykk. Det er mange typar musikarar, men det er eit hardt levevis, avsluttar spelemannen.