Vann Ultrabirken med sjokoladepapir

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann Ultra- birken med sjoko- ladepapir

Ultrabirken er rittet for dei som synes det vanlege Birkebeinerrittet er for lett og kjedeleg. Tor Halvor Bjørnstad frå Voss er ein av dei hardaste i terrengsykling, og vann like godt Ultrabirken fredag, etter 11 mil på sykkelen.

Punkterte
– Løypa hadde to forskjellige vegval, og det var litt vanskeleg å sjå. Da hamna eg oppe i ei steinrøys i litt for stor fart, og fekk ei flenge i dekket, sa Tor Halvor Bjørnstad til NRK etter rittet. Resultatet var flengje i dekket, og med slangelaust dekk var dei gode råda dyre. Men Bjørnstad tenkte like raskt som han syklar.

– Eg trykte i meg ei sjokolade, og brukte papiret til å dekke hòlet med, slik at det vart tett. Det fungerte fint, så moralen må vere at det er lurt å ta med seg søppelet ned frå fjellet.

Ein super tur
Ultrabirken er 110 kilometer lang, og syklistane må ta unna 2.500 høgdemeter. Bjørnstad sykla på 5, 21, og seier til NRK på Lillehammer at turen var super. I fjor sykla vossingen også Ultrabirken før han tok med seg eliteklassen laurdag. Bjørnstad seier det var i overkant, og at han ikkje gjer det i år. Birkebeinerrittet går frå Rena til Lillehammer.

LES SAKA I AVISA HORDLAND!