Vil leggja til rette for grøn økonomi

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva vil du og partiet ditt gjera for å kutta klimagassutsleppa i Hordaland?

Det viktigaste tiltaket for å møte klimautfordringane i Hordaland er å følje opp og gjennomføre fylkeskommunen sin ambisiøse klimaplan frå 2010. Venstre vil sikre at klimaplanen vert gjennomført som planlagt fram mot 2020 gjennom å halde politikarane til ansvar for lovnadane i dei årlege handlingsplanane. Dei tre store kjeldene til klimagassutslepp er transportsektoren, industrien, og bygningar. I Hordaland står bygningar åleine for halvparten av energiforbruket. Venstre vil kjempe for at energieffektivisering av fylkeskommunale bygg skal redusere straumforbruket i desse med minst 12 prosent innan 2020. Den samla byggmassen i Hordaland har eit endå større potensiale for energieffektivisering, og Venstre vil ved hjelp av tiltaka frå klimaplanen redusere energiforbruket med 20 prosent fram mot 2020. Det viktigaste arbeidet her må gjerast i kommunane.  

Vil de fase ut oljefyring i alle fylkeskommunale bygg innan 2015?

Ja.  

Vil de gjennomføra omfattande ENØK-tiltak i fylkeskommunen?

Venstre ynskjer at alle kommunane i Hordaland skal bli klimanøytrale; at alle kommunale og fylkeskommunale innkjøp skal vere miljømerka; at kommunale og fylkeskommunale verksemder vert miljøsertifiserte og at alle nye kommunale og fylkeskommunale bygg vert bygde som lågutsleppshus. Slik sikrar me ikkje berre at Hordaland reduserer klimagassutsleppa sine i høve til våre forpliktingar, men me sikrar òg at fylket tek steget over i ein konkurransedyktig, framtidsretta grøn økonomi.

Vil de skifte ut den fylkeskommunale bilparken med utsleppsfrie transportmiddel, som elbilar og biodrivstoffbilar?

Overgangen til produksjon og bruk av meir fornybar energi gjer det både naudsynt og på sin plass å elektrifisere den offentlege bilparken. Nye bilar eigde av fylkeskommunen bør nytte elektrisitet eller biogass som drivstoff. Det må også leggjast godt til rette for at privatpersonar kan nytte elbil, også i distrikta.

Vil de innføra månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?

Venstre ynskjer heller å prioritera det å inkludera nattbuss på ungdomskortet, slik at ein kjem seg heim frå byen med ungdomskort.  

Vil de leggja til rette for auka satsing for kollektivtrafikken?

Kollektivtrafikk er den høgaste prioriteringa for Venstre. Bybanen må utviklast til å bli hjørnesteinen i kollektivsystemet i Bergensregionen. Venstre har som overordna mål at veksten i persontransportbehovet i sentrale strøk skal komme innan kollektive tilbod. Banen må byggjast ut til alle bydelane – først til Flesland innan 2015, så til Åsane innan 2018 – og til sentrale delar av omegnskommunane, som til dømes Osøyro, Knarvik og Straume. Eit skikkeleg bybanenett vil leggje grunnlaget for godt nøgde kollektivbrukarar i mange tiår framover.

I den nære framtida er det likevel bussen som held fram som arbeidshesten i kollektivtransporten, og Venstre vil effektivisere av- og påstiging på bussane i Hordaland, gjere billetteringssystemet betre, byggje ut trolleybussnettet i Bergen, fjerne aldersgrensa på studentperiodekort, sikra at all offentleg transport vert universelt utforma, og inkludere nattbuss i alle typar månadskort – for å betre tilgjenge til, komfort på  og effektivitet i det heilskaplege busstilbodet i fylket. Fleire ruter må køyre non-stop mellom dei store kollektivknutpunkta og nytte motorvegar og ringvegtunnelar. I meir sentrale område må ein prioritere å etablere eigne kollektivfelt.  

Venstre ynskjer at reisande skal ha færrast mogleg overgangar og at rutetrafikk må  ha gode ordningar med korrespondanse der det er naudsynt. Det må  òg gjelde for gjennomgangstrafikk som ikkje blir styrt av SKYSS. SKYSS må gå i dialog med aktuelle selskap om å få  til eit meir heilskapleg tilbod. Går det berre ein buss i døgeret er det endå viktigare at denne korresponderer med vidare transport. Venstre vil la overgangstida på ein billett gjelde to timar uansett reisestrekning.

Venstre vil innføre ein meir miljøvenleg prispolitikk, slik at ein kan få  einskapstakstsonar kring Stord, Voss, Norheimsund og Odda slik ein i dag har i Bergen. For Venstre er det også viktig at fylkeskommunen vert betre på anbod, slik at ein unngår slike problem som ein har sett tidlegare. Anbodskriterier må bli klårare og leggje meir vekt på miljø, komfort og kvalitet. Oppstår det likevel problem er det viktig at brukarane har høve til å melde frå på ein enkel måte. Venstre vil difor innføre eit SMS-klagesystem for SKYSS, slik at dei betre kan kartleggje kvaliteten på anboda. Me vil også vurdere å erstatte ytterkantbuss som har liten pågang, med minibuss eller drosje der det både vert betre for brukarane og meir kostnadseffektivt.  

Av omsyn til mellom anna turistnæringa vil Venstre arbeide for langsiktige, varsla rutetider. For å redusere trafikkpresset på bynære område, vil Venstre byggje ut kapasiteten til ”park and ride”-anlegg i heile fylket, og byggje fleire slike. Me ynskjer òg å samarbeide med Bergen kommune om trafikkreduserande tiltak, slik som til dømes tidsdifferensierte bompengar, slik at Bergensregionen kan få statlege midlar til ei vidare utbygging av kollektivtilbodet. Prosjektet ”Spontan samkøyring” må vidareutviklast.

Fylkeskommunen kan vere ein viktig aktør for opprusting av jernbanenettet på Vestlandet. Venstre vil vere ein pådrivar for opprusting av Bergensbana i tråd med initiativet “Bergensbanen 4-20-20”, og vil samstundes legge press på nasjonale styresmakter for å utarbeide ein plan for eit lyntognett mellom dei store byane langs kysten i Noreg.  

Vil de avgrensa biltrafikken i fylket?

Venstre ynskjer å innføra køprising for å fjerne køane og redusera unødvendig privatbilisme. Erfaring frå andre byar syner at rushtidsdifferensierte bompengar reduserer biltrafikken.  

Vil de leggja til rette for produksjon av fornybar energi?

Hordaland er eit av dei viktigaste kraftfylka i Noreg. Auka bruk av fornybar energi og miljøvenlege løysingar krev auka utbygging av infrastrukturen for kraft. For mellom anna å leggje til rette for fornybar energi vil Venstre  ha ein strategi for å ta vare på forsyningstryggleiken. Ein slik plan må òg inkludere utfordringane for produsentar av fornybar energi og sektoren sine kunnskapsbehov. Venstre ser at det kan oppstå motsetnad mellom klassisk naturvern og kampen mot klimaendringane.  

Me ynskjer nye, framtidsretta retningsliner for infrastrukturen for kraft i Noreg. Dei må ta omsyn både til lokalsamfunna sine ynskjer og storsamfunnet sine behov. Høgspentliner i luftspenn der det kjem i skarp konflikt med naturvernomsyn eller næringsinteresser er ikkje gode løysingar. For å auke delen av fornybar energi som kan nyttast i eit moderne straumnett vil Venstre stimulere til etablering av småkraftverk der dette ikkje kjem i konflikt med naturvernomsyn. Vidare er det viktig å legge til rette for straumsparing og forbruksreduksjon, og Venstre ynskjer at Hordaland fylkeskommune skal arbeide for at prissetjinga i kraftmarknaden vert vridd frå nettleige til forbruk.

Faktaboks

Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Framtida.no har tatt utgangspunkt i sjekklista, og spurt unge kandidatar i fylkestingsvalet i Hordaland om kva dei meiner om miljø, kollektivtrafikk og klimatiltak:

Solfrid Burkeland Smith (Sp): 25. august

Bjørnar Hamre (V): 26. august

Lone Lunemann Jørgensen (R): 28. august

Silje Hjemdal (FrP): 29. august

Viktoria A. Dahl (SV): 31. august

Rasmus L. Rasmussen (Ap): 1. september

Hans Nyvold Kjellby (H): 5. september