Heidra med Aschehougprisen

Forfattaren Bjørn Sortland er tildelt Aschehougprisen på 100.000 kroner.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heidra med Aschehoug- prisen

I grunngjevinga for tildelinga seier arbeidsutvalet i litteraturseksjonen til Norsk kritikerlag:

– Møte med biletkunst er blitt eit karaktertrekk ved denne forfattarskapen. Hovudpersonane hans brukar nesten systematisk kunsten for å tolka sine eigne liv: Pubertet, lausriving, møte med døden, redsla for å mista synet, uro før barnefødslar, melankoli når foreldra blir skilde. På den måten er forfattarskapen både blitt ein inngang til fin biletkunst og ein aksept av verdien kunsten har for livet.

Bjørn Sortland har skrive rundt 40 bøker for barn og ungdom i ulike sjangrar. Mange av bøkene hans er omsette til andre språk og kome ut i nærmare tjue land. Bjørn Sortland har tidlegare motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin i inn- og utland. (©NPK)