Ap, Høgre og KrF i medvind

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle andre parti går tilbake. Det viser Norfakta og Landslaget for lokalaviser (LLA) sin siste meiningsmåling om kva veljarane ville ha røysta dersom det var kommunestyrevalg i dag.

– Bakgrunnstala og oppslutninga til partia viser tydeleg at det er Arbeidarpartiet og Høgre som no har sterk valvind i ryggen. Begge partia har god oppslutning og begge kan mobilisera fleire veljarar dei to siste vekene av valkampen. Det seier professor Frank Aarebrot i ein kommentar til LLA og Norfakta sin siste meiningsmåling.

Aarebrot slår samstundes fast at dei to grønaste partia i Noreg, SV og Venstre, slit. SV har mista ein fjerdedel av stemmene sine til Ap, Venstre har mista ein fjerdedel til Høgre.

I høve til forrige kommunevalet for fire år sidan, er enno Høgre den store valvinnaren, dersom valresultatet blir i nærleiken av meiningsmålingane. Framgangen til høgre er på nesten sju prosentpoeng.

Dette vil dei unge stemme
Blant veljarane under 30 år, er det Ap som kaprar flest veljarar. 30 prosent av dei spurde under 30 år seier dei vil røyste Ap.

FrP, Sp, R, V og SV er likevel dei partia som gjev det høvesvis best blant dei unge. FrP får også større støtte blant dei eldre veljarane.

Meiningsmålinga til LLA er ein del av lokalavisene sitt Ung & engasjert-arbeid, ei satsing som skal styrkja interessa for lokal politikk og samfunnsengasjement.

Faktaboks

Resultat frå Norfakta og LLA sin meningsmåling, 23. – 24. august 2011:

Parti / Oppslutnad august 2011 / Kommunevalet 2007 / Endring
Ap: 31/ 29,6 / + 1,40
Frp: 15,2 / 17,5 / – 2,30
Høgre: 26,2 / 19,3 / + 6,90
KrF: 8,1 / 6,4 / + 1,70
Sp: 6,1/ 8 / – 1,90
SV: 4,8 / 6,2 / – 1,40
Venstre: 4,8 / 5,9 / – 1,10
Raudt: 1,9 / 1,9 / 0
Andre: 1,9 / 5,3 / – 3,40