Jaktar på beste ungdomsbilete

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jaktar på beste ungdoms- bilete

Landslaget for lokalaviser, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), 100 lokalaviser og Framtida.no inviterer no ungdom i heile Noreg til å sende inn bilete frå kvardagen sin. Ta bilete med mobiltelefonen din, last dei opp og ver med i konkurransen om det beste dokumentarbildet.

Du kan vinne opp til 10.000 kroner og ei kulturhelg i hovudstaden til ein verdi av opp til 13.000 kroner. Andrepremien er 5.000 kroner og tredjepremien er 2.500 kroner.

Alle bilete blir publisert på Framtida.no. (litt nede på nettsida). Kanskje kjem òg biletet ditt på trykk i lokalavisa di. Aller viktigast er å delta! Sender du bilete til oss, viser du korleis ungdom har det i kommunen din no i valåret 2011.

Send inn bilete eller les meir om konkurransen her!

Du kan også senda MMS til 2440 med kodeord 1209 (mellomrom) kommunenamn (mellomrom) eige namn (mellomrom) og eventuelt melding eller skildring. Du betalar berre vanleg takst for å sende denne MMS-ein, som regel maks ei krone.

– Fotodokumentaren er ein spanande måte å visa fram kvardagen til ungdom på, seier Flemming Roggbif Idsøe i LNU.

Viss du brukar iPhone, kan du ta turen innom App Store og gratis laste ned den nye App-ein. Søk etter Stem1209. Då har du appen liggjande på telefonen din og kan enkelt og greitt sende oss fleire bilete.