Byr på ungt pågangsmot

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Byr på ungt pågangs- mot

585 namn står på listene til kommunevalet i Hallingdal. 53 listekandidatar (9 prosent) har nådd pensjonsalder. Anna Lilleslett frå Gol er den eldste av dei. 84-åringen står på 14. plass på lista til Venstre.

Ungdomen er også representert på listene. Sjølv om berre 3,2 prosent av kandidatane er under 20 år, er det åtte 18-åringar i dalen som stiller til val. Jonas P. Ludvigsen frå Nes er med sin 4.-plass på høgrelista i kommunen den 18-åringen som har den høgaste plasseringa.

Gav meirsmak
– Eg begynte å tenkje på å stille på lista i fjor, då eg vart med i arbeidsgruppa til Buskerud Unge Høgre. Det var veldig gøy, både politisk og organisatorisk, så det gav meirsmak, seier han. Per i dag har Høgre tre representantar i kommunestyret i Nes. I kommunevalserien til Hallingdølen i mai, tippa me at Høgre får fire representantar etter valet.

– Tanken har slått meg. Det kan faktisk hende eg kjem inn, seier Ludvigsen. Han er budd på å kome inn med ungdommeleg pågangsmot viss han vert valt.

LES ALT OM LOKALVALET HER!

– Eg trur det vil vere positivt å dra ned snittalderen. Me som er unge kan til dømes sjå skulepolitikken frå vår ståstad og kome med nye impulsar. Det er for mange i alderen 50 pluss som sit i skuleutvala, meiner skuleeleven som går inn i det siste året på allmennlina på Gol vidaregåande skule.

Er engasjert
Han meiner ungdom i dalen er engasjert, sjølv om det ikkje er så mange som står på listene.

– Eg har inntrykk av at ungdom engasjerer seg meir i enkeltsaker, som til dømes ein ny skatepark, i staden for å melde seg inn i parti og stille på liste, seier Ludvigsen. Han trur næring og utvikling i Nes vert viktige spørsmål.

– Det er ein viss Olav Thon som herjar på borti Flå, medan stadig fleire butikkvindauge er mørke og tomme i Nes. Me vil at ting skal skje her også, seier han.

– Treng fleire unge
Stian Bakken, leiar i Flå Ap, står på andreplass. Han meiner alle har ein jobb å gjere med å stemme fram ungdomen.

– Eg oppmodar folk i bygdene til å gje stemmene sine til dei unge, og få dei inn i kommunestyret, uansett parti. Det er noko me vil legge vekt på i valkampen. Det er for mange gamle travarar, seier 27-åringen. Han meiner dei eldre vert synt for mykje tillit.

– Problemet i Flå har vore at det er menn på over femti som har fått styre på. Ungdomen vert ikkje vist tillit, kjem i bakleksa og vert plassert lågt nede på listene, seier Bakken.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!