– Kan ikkje utsetja ansvaret for klimaet

Natur og Ungdom reagerer på at regjeringa utset klimameldinga til 2012.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimameldinga som skal fortelje korleis Noreg skal kutte 20 prosent av klimautsleppa, er utsett til 2012. Meldinga skal fortelje i detalj i kva sektorar kutta kjem og korleis og når det skal kuttast.

– Det blir veldig mykje tautrekking departementa imellom. Alle er einige i målet om 20 prosent kutt, men samstundes kjem kvart enkelt departement til å arbeide for å få ein minst muleg del av klimagasskutta innanfor sin sektor, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim til Adresseavisen.

Opphavleg skulle stortingsmeldinga om klima kome alt i 2010, men vart utsett til 2011. Årsaka til utsettinga var at arbeidet viste seg å vere meir komplisert enn det ein før trudde.

– Ikkje tid til å vente
Natur og Ungdom minner regjeringa om at dei fattige i verda ikkje har tid til vente, og har høge forventingar til den avgjerande stortingsmeldinga.

Klimaforskning viser at massive kutt må til for å unngå dei store, irreversible endringane i klima. Natur og Ungdom meiner at velståande land som Noreg må kutte eigne klimagassutslepp med 40 prosent innan 2020.

– Vi veit kva som skal til for å kutte Norges klimagassutslepp, men likevel utset regjeringa det viktige arbeidet for å redusere konsekvensane av klimaendringane. Samstundes som klimagassutsleppa aukar, kranglar norske politikarar om kven som skal ta ansvar. Det har vi ikkje tid til, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom.

Han krev at særleg dei største forureinarane, petroleumsindustrien og samferdselssektoren, blir pålagt utsleppskutt i den komande meldinga.

– Når regjeringa tek seg god tid, forventar me òg ei klimamelding som gjev ein seriøs klimaeffekt. Alle sektorar må bidra, men tiltaka i meldinga må særleg fokusere på dei store forurenserne som oljeindustrien og vegtrafikken, seier Ola Skaalvik Elvevold i ei pressemelding.

– Treng berekraftigdepartement
Miljøpartiet Dei Grøne reagerer også på utsetjinga.

– Vi opplever det som veldig symptomatisk at departementa kvar for seg jobbar for at minst mogleg av klimagasskutta skal kome i sektoren deira. Dette hengjer saman med at dei oppfattar kutt utelukkande som negativt. Land som Kina og Tyskland sit no i førersetet som pådrivere for fornybarsamfunnet. Vi risikerer å sitja igjen på perrongen når dette lyntoget går, seier Hanna E. Marcussen, nasjonal talskvinne for Dei Grøne i ei pressemelding.

Partiet har programfesta at dei ynskjer eit eige bærekraftdepartement som er overordna dei andre departementa. Funksjonen til eit slikt departement vil vere like mykje å sikre miljø- og klimainteresser, som å bidra til å sikre at samfunnet vårt og næringsliv er førebudd på framtida si “spilleregler” så vi har levebrød etter olja.

Kva meiner du om kranglinga mellom departementa?