Nøklar og tunge støvlar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bok: Ekstremt høyt og utrolig nært
Forfattar: Jonathan Safran Foer
Omsett av: Knut Ofstad
Forlag: Gyldendal, 2005

Det er ikkje alltid enkelt å vera ni år gammal og på leit etter ein lås. I alle fall ikkje når ein finn nøkkelen til denne låsen i ein blå vase som står på ei hylle i faren sin garderobe to år etter at han døydde i terrorangrepet på tvillingtårna for to år sidan. Oskar Schnell gir seg likevel ikkje, for han er ein gut utanom det vanlege. I tilegg til å leite etter låsar er han nemleg også vegetarianar, oppfinnar, nokså god i fransk og klar over at laksen kjem tilbake til same elva kvar haust. Til trass for dette hender det ofte at Oskar har dagar der støvlane hans er veldig tunge, som han sjølv likar å kalla det.

Boka Ekstemt høyt og utroleg nært gir deg ein lesaroppleving utanom det vanlege. Med eit naivt språk, underfundige karakterar og eit skrått blikk på livet sine mysterium tek Jonathan Safran Foer lesarane med på ei reise rundt i New York sine gater saman med Oskar og ein 103 år gammal krigsreporter. På elegant vis klarer Foer å flette inn historia til to av besteforeldra hans mellom googolplex-oppfinningar og elefantar som kan snakke med kvarandre. Her får ein høyre om ord som er tatoverte inn i handflata, ein mann som drar frå si gravide kone utan å seie i frå og ei livshistorie som blir skriven av ei blind dame med ein skrivemaskin som manglar band.

Dette er verkeleg ei bok eg kan anbefale på det sterkaste for lesarar i alle aldrar då dette er ei historie som gir lesaren mykje meir enn ei forteljing. Ikkje berre finn ein bilde, tomme sider og sider med berre ei setning i denne romanen – Ekstemt høyt og utroleg nært får ein også til å tenkje over dei tinga ein tek for gitt i livet. Historia handlar om sorg og mangel på kommunikasjon, men ho handlar også om kjærleik og håpet om at støvlane ein ber ein dag skal bli litt lettare. Oskar vil vera i tankane dine lenge etter at du har lest deg gjennom dei 366 sidene boka er på.

Denne bokmeldinga blei først publisert på Magasinett.no!