Meir positiv til røysterett for 16-åringar
Møte med ungdom som overlevde massakren har gjort leiaren i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, meir positiv til å la 16-åringane sleppa til ved valurnene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har vore ganske skeptisk. Eg sette i gong forsøket med stemmerett til 16-åringar fordi eit fleirtal i Stortinget vedtok det. Men etter å ha høyrt kor reflekterte ungdommane som var på Utøya uttalar seg, så tenkjer eg at dei er godt i stand til å gjera seg opp ei meining om kva dei vil stemma, seier Navarsete til Kommunal Rapport.
Ho legg til at møte med andre 16-17-åringar i forsøkskommunen Re stør opp under oppfatninga.
LES OGSÅ: Gi ekstra stemme til ungdom
– Eg har ikkje teke noko endeleg standpunkt, og vi må sjå på erfaringane frå forsøket, men eg er blitt meir positiv. Det kan bety ei fornying og ei forynging av lokaldemokratiet, og det trur eg ikkje er så dumt, seier Navarsete. (©NPK)
Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?