Fjortisuniverset kan vere ein mørk og ugjestmild stad. Men ei ny skodespelarstjerne lyser opp i tåkeheimen.

NPK-NTB- Veronica Karlsen
NPK-NTB- Veronica Karlsen

Me spår at sjarmvinnaren denne hausten på den norske kinofilmfronten blir «Få meg på, for faen» – som har premiere fredag.

For sjølv om me har sett det før, har filmen til Jannicke Systad Jacobsen klart å fornye og forfriske filmsjangeren, som handlar om frustrert ungdom på landsbygda – i dette tilfellet den fiktive bygda Tåkeheimen.

Filmen underheld på ein tragikomisk måte, og hovudrolleinnehavaren Helene Bergsholm formeleg lyser i all sin nærast gjennomsiktige ærlegdom. Det er skøyrt, det er til å kjenne igjen – og det er til tider ustyrteleg morosamt.

– Eg veit at Olaug Nilssen lurte på om det overhovudet var mogleg å filmatisere boka. Men noko ved stemninga i historia om Alma sette seg i meg, seier regissøren – som legg til:

– Det er eit sjarmerande kvardagsdrama Olaug har skapt. Og den flytande overgangen mellom humor og alvor tiltalte meg veldig. Alma er så forståeleg midt oppe i alt det absurde som skjer.

– Vidare har eg leika meg med å framstille fantasi og verkelegheit på same måte, fortel regissøren vidare til NTB.

«Få meg på, for faen» hadde verdspremiere under filmfestivalen i Tribeca i USA tidlegare i år – der filmen vann pris i kategorien Beste manus.

Lokale skodespelarar
Systad Jacobsen fortel om ein omfattande castingprosess.

– Me ville ha lokale folk med i filmen. Det betydde at me måtte leite Sogn og Fjordane rundt. Då me møtte Helene såg me tidleg eit potensial. Me pusha henne, rolla inneber utfordrande scener for ei jente som i utgangspunktet er litt sjenert, seier regissøren. Den unge skodespelaren nikkar.

– Eg er ikkje så utagerande som person. Eg kjenner meg ikkje så veldig igjen i desperasjonen til rollefiguren og den direkte veremåten. Men Henriette Steenstrup og Jannicke fekk meg trygg, slår ho fast.

– Var det flaut å spele inn dei meir intime scenene?

– Eg veit ikkje … Litt. Men alle passa på at eg hadde det bra og at det ikkje var for mange til stades, understrekar Helene Bergsholm vidare.

LES OGSÅ: Vann med beste manus

Regissøren håpar publikum ikkje stoppar opp ved sexen – men ser vidare.

– Eg håpar ein forstår at filmen har ein bodskap.

– Det handlar om at Alma vil kople seg på sjølve livet. I eit bygdesamfunn kan ein kjenne seg avgrensa, utdjupar den ferske skodespelaren som er frå Førde.

– Det skal lite til for å bli utstøytt i små samfunn. Samstundes må eg skryte av Førde. Der er det eit bra samhald, meiner ho.

Frosen ut
Alma er i ein absurd og vanskeleg situasjon. Ho blir skulda for løgn etter å ha fortalt at den store kjekkasen i bygda har gjort seksuelle framstøyt. Ho får føle på kroppen korleis sjalusi og baksnakking i jente-fjortis-universet kan formørkje livet over natta. Baben på staden brukar nesten lipglossen som våpen når ho gjer sitt yttarste for å stenge henne ute, og held dei andre jentene som gislar. Snakkar nokon med Alma, blir dei sjølv frosne ut.

– Men heile tida skin humoren igjennom, Systad Jacobsen?

– Humor og det absurde er viktig for meg. Det andre som var viktig for meg er å vise at kvinner også har ein seksualitet.

Henriette Steenstrup spelar mora til Alma og måtte lære seg å snakke kav sognedialekt i samband med filmen.

– Ho er låg i røysta, humørlaus, utilpass og ei ordknapp dame. Det er vel ikkje vanskeleg å forstå at eg var usikker på om eg ville få denne rolla, ler Steenstrup. Og legg til at det var ei sunn utfordring for henne.

– Eg har ikkje jobba så mykje med den lågmælte sida av meg dei siste åra, så dette var nok bra for meg, meiner ho. (©NPK)

Sjå klipp frå filmen:

Og her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE